Hopp til innhold

Kasta t-skjorte med drit mot politi

Sunnfjordingen i 20-åra smurde avføring på cella og kasta t-skjorte med drit mot politiet, truga politibetjentar, brukte narkotika og gjorde innbrot.

Dette var nokre av dei 17 tiltalepunkta mannen måtte stå til ansvar for då han møtte i Fjordane tingrett.

Den første episoden på tiltalelista er frå sommaren 2007. Då køyrde han ein båt sjølv om han var rusa på både alkohol og narkotika. Då han la til kai krasja han med ein annan båt. Like før politiet kom tok han endå fleire tablettar.

Skjellsord og trugsmål

Han vart teken med for blodprøvetaking og politiet oppfatta han som så trugande at det var naudsynt med fysisk makt for å få han med seg. I politibilen kom han med skjellsord mot politibetjentane og trugsmål med kva han kunne tenkje seg å gjere mot døtrene deira.

Inne på stasjonen sa han at han skulle knekke nakken på betjentane. Han sa også til den eine at han skulle hugse ansiktet hans og at han ikkje kunne vite kva som kunne skje.

Også hausten 2007 kom han med trugsmål mot politiet i samband med at han vart sett i arresten etter at han ikkje ville forlate ein stad. Under ransakinga møtte politiet leggje mannen i golvet og det vart funne tre gram hasj. Han sa til politibetjentane at han skulle drepe dei og døtrene deira. Tiltalte har forklart at det "svartna" for han då politiet tok ham med fysisk makt.

Smurde avføring på cella

Etter ein annan episode i 2009 vart han henta av politiet og sett i ei celle. Der stappa kleda sine i toalettet og spylte ned slik at toalettet vart oversvømd. Han sparka i celledøra og sa at han ville ha legetilsyn. Deretter gjorde frå seg på ein madrass på cella og smurde dette fleire gonger utover cella.

Då politibetjentane var på veg inn i cella kasta han ei våt t-skjorte med avføring mot dei. Men dei klarte å unngå å bli trefte. Han truga dei med at han skulle sprenge bilen til han eine og at han måtte passe på kona si fordi han hadde skytetrening. Mannen måtte lenkast fast med handjern for at han skulle roe seg.

Retten meiner han har handla med vitande vilje og at truslane var eigna til å framkalle alvorleg frykt. Truslane vart ikkje sagt i affekt, men heller i ein låg og trugande tone.

Narkotikabruk og innbrot

Sunnfjordingen var også tiltalt for fleire tilfelle av kjøp, oppbevaring og bruk av narkotika. Hausten 2008 køyrde han bil i rusa tilstand utan gyldig førarkort. Blodprøven viste viste amfetamin, metafetamin og TCH i blodet. Han braut han seg også inn i ein matbutikk ved hjelp av eit kubein. Han stal mellom anna tobakk, skrapelodd, kondomer og barberblad- og høvler.

Han har også opptredd aggresivt mot tilsette på ei offentleg kontor. Etter å ha blitt utelåst hamra han fleire gongar på døra slik at politiet måtte tilkallast.

Sa seg ikkje skuldig i trugsmål

Då mannen møtte i Fjordane tingrett sa han seg skuldig i dei tiltaltepunkta som omhandla promillekøyringa, narkotikabrotsverka og innbrotet. Men han sa seg ikkje skuldig i trugsmål mot politibetjentane og familiane deira og for å ha grisa til cella med eigen avføring.

Mannen er dømd fleire gonger tidlegare for likanande tilhøve, og dette har retten lagt vekt på i skjerpande retning. Retten meiner at han over tid har vist manglande respekt for arbeidet til politiet og at det må reagerast strengt på det.

I formildande retning la retten at han har tilstått noko av det han var tiltalt for, og at at nokre av tiltalepunkta ligg langt tilbake i tid.

Fem månader fengsel

Fjordane tingrett dømde mannen til fengsel i fem månader, der 30 dagar av straffa vert på vilkår. Tida han har site i varetekt blir trekt frå.

Han får også ei bot på 5000 kroner og må betale ei erstatning på 43.15 kroner til matbutikken der han gjorde innbrot. Han får heller ikkje lov å ta førarkortet dei tre neste år.