NRK Meny
Normal

Kårbustaden til eks-ordførar rasert

Stormen tok taket til tidlegare lærdalsordførar Arne Sanden sin kårbustad. Han meiner vinden var sterkare enn under nyttårsorkanen i 1992.

Arne Sanden sin kårbustad ser slik ut etter orkanen i natt.

Kårbustaden til Arne Sanden ser slik ut etter orkanen natt til andre juledag. Vinden var sterkare enn under nyttårsorkanen i 1992, meiner Sanden.

Foto: NRK-tipsar

-Heile taket på kårhuset på garden er vekke og det er sjøvsagt dramatisk det som har skjedd. Eg har aldri opplevd så sterk vind i Lærdal, og føler meg sikker på at vinden var sterkare denne gongen enn under nyttårsorkanen i 1992.

Leigebuarane var ikkje heime

Sanden leiger ut huset, og det var hedigvis ingen heime då taket vart blåst vekk.
- Eg er veldig glad for at leigebuarane var borte under det som skjedde. Det kunne gått skikkeleg ille dersom dei oppheldt seg i huset, seier Sanden.

Spreidd utover stort område

Den tidlegare ordføraen i Lærdal var også sjølv vekke.
- Eg var i juleselskap, og då eg kom igjen rundt midnatt var skaden skjedd. Eg er glad eg ikkje var heime. Det ligg restar frå hustak og anna utstyr spreidd utover eit stort område, seier Sanden.

Skader for 1,5 mill.

Han fortel at også eit veksthus inne på gardsområdet har fått omfattande skadar.
-Eg reknar med at skadeomfanget er på om lag ein og ein halv millin kroner, seier Sanden.

Stor auke i bedriftar som tilbyr opplevingar til turistar
Fotballfeber i Florø før tidenes første fjerderundekamp i cupen
veger, arbeid med reparering etter flommen, hotell, gjestehus, parkeringsplasser med busser, busser