Hopp til innhold

Kapasiteten sprengd.

Elevauken på Sunde skule i Førde er større enn venta. Til hausten har skulen ni klassar, men berre sju klasserom, skriv Firda. No vert mellombels brakkebygg naudløysinga frå kommunen. – Det er greitt som ei mellombels løysing, men ikkje godt nok på sikt, seier Øystein Ullebø og Elin Botnen Viken i FAU. Rådmann Ole John Østenstad seier at brakkeløysinga maksimalt skal vare i tre år.