Hopp til innhold

Kan miste hjelparen sin

UDI vil sende hjelparen til celebral paresesjuke Arne Martin Brekke (14) ut av landet.

Ganna Shatilo frå Urkraina saman med 14 år gamle celebral parese-sjuke Arne Martin Brekke.
Foto: Bård Siem / NRK

Ukrainske Ganna Shatilo har høg kompetanse på den såkalla domanmetoden og er heilt avgjerande for utviklinga til 14 år gamle Arne Martin Brekke frå Stryn.

Men no er Utlendingsdirektoratetet (UDI) i ferd med å kaste ut den viktige hjelparen hans.

Har viktig kunnskap

Faren Ole Anton Brekke seier han vart svært skuffa då det vart klart at Ganna Shatilo ikkje lenger får opphaldsløyve i Norge.

- Vi har ein medarbeidar som veit kva ho skal gjere og er trena innanfor det ho skal gjere. Det er umogeleg å skaffe folk som er viljuge til å gjere ein jobb, seier han.

14 år gamle Arne Martin Brekke er fødd med celebral parese, og er heilt avhengig av hjelp nesten døgnet rundt.

Men domanmetoden, som består av intens fysisk trening og intelligensstimulering, har hatt stor positiv effekt. Og ei avgjerande brikke i det sværtviktige treningsarbeidet er Ganna Shatilo.

Ho kjem rett frå eit to år langt au pair-opphald med ein norsk famile, der ho nytta doman-metoden til å hjelpe eit barn med celebral parese.

Manglar spesialkompetanse

- Eg forstår at UDI har eit regelverk dei må følgje. Men her er det heit klart ein medarbeidar som har spesielle kunnskapar, og då må det vere mogeleg å sjå stort på ting. Vi har trass alt eit hjerneskadd born, seier han.

I avslaget frå UDI heiter det blant anna at Gann Shatila ikkje oppfyller vilkåret om fagutdanning eller spesialkompetanse.

- Eg likar å arbeide med barn, og eg ser at eg gjer noko godt for andre menneske, seier 26 år gamle Shatilo. Ho vil mykje heller jobbe med Arne Martin enn til dømes i bank, sjølv om ho har ei fire år lang økonomiutdanning frå Ukraina.