Hopp til innhold

Kan ikkje vinterstengje fv. 50

Før helga melde NRK at fjellovergangane Årdal-Tyin og Aurland-Hol i framtida kan bli vinterstengde fordi Sogn og Fjordane fylkeskommune må spare 200 millionar kroner. No seier leiar for hovudutvalet for samferdsle i Buskerud, Trond Johansen, at fv. 50 Hol-Aurland ikkje kan bli vinterstengd, då det finst ei avtale frå 1985 som pliktar vegeigaren å halde vegen open vinterstid, skriv Hallingdølen.