Kommunalministeren har enno ikkje fått brevet som Gulen kommune har sendt. I brevet ber kommunen om at Solberg sender ekspertar som kan fortelja dei korleis dei skal få ned utgiftene utan å bryte lovene som seier kva tenester folk har krav på. Ordførar Trude Brosvik ser dette som eit siste forsøk på løysing før dei kastar korta.
I januar var Erna Solberg i Gulen og vart informert om dei økonomiske vanskane. Kommunalministeren kjenner difor til rammevilkåra i kommunen, men har ikkje noko fasitsvar.
For Gulen og mange kommunar er i ein alvorleg skvis. Skal dei skjere ned på dei lovfesta tilboda til innbyggjarane og dermed bryte lova der, eller skal dei bryte lova som seier at økonomien skal gå i balanse?