NRK Meny
Normal

- Ingen kjem til å bli sjuke av tuberkulose, seier kommunelege etter utbrot i barnehage

– Det verste som kan skje er at nokon vert smitta. Ingen kjem til å bli sjuke av tuberkulose. Kommunelege Jan Helge Dale er ikkje uroa etter at ein tilsett i ein barnehage i Førde har fått påvist tuberkulose-smitte.

Tusenfryd Barnehage Førde

RASKT UTE MED TILTAK: - Tuberkulose kan sitte i kroppen i lang tid utan å vere smittefarleg. Dermed kan det hende at tiltaka i barnehagen er sett i verk for raskt for å kunne oppdage smitte, seier kommunelegen i Florø.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

Jan Helge Dale

IKKJE UROA: Kommunelege Jan Helge Dale er ikkje uroa etter at ein tilsett i ein barnehage i Førde har fått påvist tuberkulose-smitte.

Foto: NRK

Kommunelege i Florø, Jan Helge Dale, heldt i går informasjonsmøte for alle foreldrene i Tusenfryd barnehage i Førde, der det vart kjent måndag at ein tilsett har fått tuberkulose.

– Tuberkulose kan sitte i kroppen lenge før den bryt ut, dermed kan tiltaka med blodprøvetaking komme nesten for tidleg, seier Dale.

Han seier det tar fleire veker før kroppen produsere antistoff mot eit virus, difor må undersøkingane av borna gjentakast ein til to månadar etter første undersøking.

Dale understrekar at det frå sjukehuset si side er informert om at det er svært lite risiko for smittefare fordi pasienten har vore frisk.

Skal teste borna

– Uansett må ungane no testast etter 6- 8 veker att for å sjå om dei er smitta. Men det vil overraske meg om nokon er smitta, seier kommunelegen i Florø.

Dale understrekar at det er stor skilnad på å vere smitta og sjuk av tuberkulose.

– Det verste som kan skje i denne saka her er at nokon blir smitta, det er ingen som kjem til å bli sjuke. Det er vi rimeleg sikre på, seier Dale.

Alle ungane som går på avdelinga der den sjuke har jobba, samt vaksne tilsette og venner av pasienten skal testast. Av dei som skal testast er det 19 små born.

Stress kan utløyse sjukdommen

Smittevernlege i Førde, Thomas Følsche, har ansvaret for å sette i verk testinga.

– Vi oppdaga sjukdommen i midten av mai, seier Følsche. Det skjedde etter at den sjuke var undersøkt ved Førde Sentralsjukehus.

Følsche seier den barnehagetilsette truleg har fått smitten i fjor sommar, men at tuberkulosen har vore kapsla inn i lengre tid før han vart oppdaga i midten av mai.

– Tuberkulose kan vere i kroppen i lang tid utan å vere smittefarleg. Men ved stress kan sjukdommen bryte ut.

Følsche understrekar at den barnehagetilsette ikkje har ein svært smittsom variant av tuberkulosen, og at vedkommande har vore frisk heile tida.

Kommunelege Jan Helge Dale understrekar at for den barnehagetilsette er det uproblematisk å vere tilbake på jobb.

– Vedkommande har for lengst starta behandling og er ikkje smitteførande lenger, så det er heilt uproblematisk at vedkommande jobbar, seier Dale.

Stor auke i bedriftar som tilbyr opplevingar til turistar
Fotballfeber i Florø før tidenes første fjerderundekamp i cupen
veger, arbeid med reparering etter flommen, hotell, gjestehus, parkeringsplasser med busser, busser