Hopp til innhold

Smittevernlegen om tuberkulose-utbrotet: «Det er ein alvorleg situasjon»

Smittevernlege i Førde, Thomas Følsche, meiner det er alvorleg at ein barnehagetilsett har utvikla tuberkulose. Nærare 30 personar skal testast for sjukdomen.

Thomas Følsche

UROA: Smittevernlege i Førde, Thomas Følsche, er ansvarleg for at nærare 30 personar no skal testast for tuberkulose.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

Måndag morgon kom nyheita om at ein tilsett i Tusenfryd barnehage i Førde er råka av lungetuberkulose. Foreldra fekk informasjon om dette då dei leverte barna sine i form av eit skriv frå kommunen.

– Det er ein alvorleg situasjon, fordi mange små barn kan potensielt smittast, og utvikle alvorleg sjukdom. Eigentleg er tuberkulose ein sjeldan sjukdom, seier smittevernlege Thomas Følsche til NRK.

Skal finne ut av det

Han har ansvaret for å setje i verk testing av alle ungane som går i avdelinga der den sjuke har jobba, samt vaksne tilsette og folk i venekrinsen til pasienten. Av dei som skal testast så er det 19 små born.

– Dersom nokon er smitta, så finn vi ut av det. Eg trur i utgangspunktet ikkje at nokon er smitta. Ein må vere saman med denne smittekjelden innandørs i minst 40 timar før ein kan snakke om ein reell smittefare, seier Følsche.

Tuberkulose var i mange generasjonar ein frykta og dødeleg sjukdom også her i landet, men var lenge nær heilt utrydda.

– Farleg sjukdom

Auka reiseverksemd har ført til ei lita oppbløming av sjukdomen også her i landet, men det er uhyre sjeldan at ein finn smitte i institusjonar som i dette tilfellet.

– Tuberkulose er ein farleg sjukdom, om den ikkje blir behandla så kan ein døy, men i dag har vi gode medisinar. Sjukdomen hos denne personen har vist seg å vere tuberkulosesmitte som ikkje er resistent. I tilfelle nokon er smitta, så har vi gode utsikter, peikar Følsche på.