NRK Meny
Normal

Kan forandre historiebøkene med DNA-forsking

Sturla Ellingvåg i Florø reiser verda rundt for å samle DNA. Han vil finne ut kor me kjem ifrå, og kven me slektar på. Dette meiner han kan forandre historiebøkene.

Sturla Ellingvåg

DNA-testing: Med ei spyttprøve skal Sturla Ellingvåg vise at nordmenn slektar med kashakstanarar.

Foto: Signe Fuglesteg Luksengard / NRK

– Eg reiser rundt i verda og samlar DNA frå skjelett og frå folk som bur på isolerte plassar. På den måten kan me finne ut meir av kven me er og kor me kjem ifrå, fortel historikaren som no bur i Florø.

Dei har funne skandinavisk DNA i den kasakstanske befolkinga. Dei ser på oss som brør.

Sturla Ellingvåg

Slektskap med Kasakhstan

I eitt av prosjekta hans, samlar han spytt frå 50 nordmenn til ei forsking i Kasakhstan. Dei har funne skandinavisk DNA i den kasakhstanske befolkninga. Sturla tar prøver for å sjekke om dette stemmer.

– Dei ser på oss som brør, fortel han.

Sturla Ellingsvåg Kazakstan

VERDA RUNDT: Saman med ei gruppe sosiale menneske skal Sturla Ellingvåg samle DNA for å finne ut meir om kor me kjem ifrå og kven me slektar på.

Foto: privat

Det er ikkje mange som driv med DNA-forsking i ein historisk samanheng i Noreg. Ellingvåg er utdanna historikar, men det er ikkje mogeleg å leve av forskinga på grunn av lite støtte til forsking. Han jobbar som lærar i Florø, og bruke feriane til forsking.

– Eg har alltid lurt på om det finst ny teknologi som kan gjere at me finn ut meir om historia vår. Med DNA-forsking kan me finne ut ting som kan forandre historiebøkene, fortel Ellingvåg.

Skummelt å gje bort noko av DNA'et sitt

Sturla har gjort mange funn, og vore med på publikasjonar med blant anna Universitetet i København. Han var med å finne ut at urinnbyggarane frå Påskeøya ikkje berre kom frå Polynesia, men også frå Sør Amerika.

Du må hugse på at vi ikkje har ein nasjon å gøyme oss bak. Plutseleg kan noko forandre seg, plutseleg kan alt bli snudd på hovudet. Då kan for eksempel nokon frå Russland komme og seie: sjå på denne forskingsrapporten her, de ikkje høyrer heime her

Krimtartar

Han har reist til mange land for å samle inn DNA. Med seg har han eit team som lett kjem i kontakt med folk. For det er ikkje enkelt å få folk til å gje frå seg DNA-et sitt.

– Veldig mange forstår det, men det er skummelt. Som ein krimtatar sa til meg i 2008:

"Vi ikkje har ein nasjon å gøyme oss bak. Plutseleg kan noko endre seg. Då kan for eksempel Russland komme og seie: Sjå på denne forskingsrapporten, de høyrer ikkje heime her. Ein kan bruke det som påskot."

– Han gav oss ein åtvaring. Eg lurte på korleis ting kunne endre seg her. Dette var jo Ukraina, ikkje Russland. Men plutseleg har eg venner på Krim som er kjemperedde.

Forandre historia?

Han har funne ut mykje viktig, men kor mykje kan me stole på forskinga hans?

– Det me finn er ganske sikkert. Men spørsmålet er kva det betyr? Eg fann I1 (sjå faktaboks) i mi rette farslinje bakover, men det seier ingenting om når denne personen med I1 kom til Noreg. Det kan ha vore på 1600-talet eller for 7000 år sidan. Men kunnskap kartlegge dette vil komme. Det er det som er så spennande.