Hopp til innhold

Ny sjanse for dei som ynskjer å starte med såkalla catskiing

Stortingsrepresentant for Høgre, Bjørn Lødemel, meiner det har opna seg ein ny sjanse for dei som ynskjer å starte med såkalla catskiing i Eid og Balestrand.

Ljøsureggja
Foto: Svein Jan Hjelmeset/Terje Gilleshammer / NRK

– Det er viktig at desse to kommunane kjem med høyringsspel i løpet av dei 10 vekene dei har på seg, og at dei pressar på at for at det skal leggast til rette også for denne typen aktivitet, seier Lødemel.

Regjeringa har nyleg avslutta eit prøveprosjekt med etablerte snøskuterløyper. I Stortinget er det eit breitt fleirtal for å lage ei nylov når det gjeld motorferdsel med snøskuter.

Bjørn Lødemel

OPNAR FOR CATSKIING: Stortingsrepresentant Bjrøn Lødemel (H).

Foto: Steinar Lote / NRK

– Det gjeld snøskuter, ja. Men det bør også vere mogleg å få til dei prosjekta ein ynskjer i Eid og Balestrand.

Kjem til å søke

Catskiing som dei ynskjer å kome i gang med i Balestrand og Eid, vil seie at ein kan bruke løypemaskiner til å frakte skituristar til fjelltoppar.

I Eid er ordførar Alfred Bjørlo glad for signala som no kjem frå regjeringa, og seier dei kjem til å søke.

– Dette er ei positiv utvikling. Argumenta vi er blitt møtte med til no har vore at sjølv om eit breitt fleirtal har vore positive til catskiing, så har det ikkje vore mogleg innanfor den prøveordninga som har vore utlyst.

Avgrensa område

I Eid har Harpefossen skisenter, gått med planar om starte med såkalla catskiing. Tanken har vore å køyre éin trasé opp på Lidavarden og så vidare oppover.

Denne formen for skiturisme er omstridd og Bjørlo understrekar at dei ikkje ser for seg eit frislepp, men at dei kjem til å opne for dette i eit avgrensa området i tilknyting til skianlegget

Alfred Bjørlo

VIL SØKE: Ordførar i Eid, Alfred Bjørlo.

Foto: Tone Merete Lillesvangstu / NRK

– Dette gjer moglegheitene for å kunne drive frikøyring i eit fantastisk fjellområdet endå større. I utlandet er catskiing stort. Dette kan bli ei viktig inntektskjelde, og eit tilleggsgrunnlag for å drive lønsam vinterturisme.

Bjørlo peikar på at gjennom catskiing kan ein opne nye fjellrområde for skituristar, og samstundes unngå store naturinngrep som etableringa av skianlegg med skiheisar vil innebere.

– Dette vil kunne bety mykje. Ikkje berre for Eid, men for heile regionen. Allereie i dag så har fleire av dei fremste fristilkøyrarane i verda valt å slå seg ned regionen nettopp på grunn av dei gode moglegheitene for frikøyring som er her.