Kvinna prøver å få opphaldsløyve slik at ho slepp å reise attende til Iran, der ho risikerer dødsstraff ved steining.
- Dårleg handtert sak
Tor Bremer kjempar for at kvinna skal få bli. (Foto: NRK)
Tor Bremer, som har arbeidd for at den iranske tobarnsmora Masoumeh Bakhtiari skal få opphald i Noreg, vil no prøve å finne nokon som kan vie henne og sambuaren. Årsaka er at leiaren i utlendingsnemnda har sagt at eit giftarmål kan få betydning for saka hennar, sjølv om ho ikkje har lov å gifte seg utan opphaldsløyve.
Tor Bremer seier det tyder på at nemnda prøver å finne ein veg ut av ei sak dei har handtert dårleg.
Då Masoumeh og sambuaren hennar prøvde å gifte seg for nokre veker sidan, vart det stoppa av biskopen i Bjørgvin, men Bremer trur saka skal løyse seg no.