Hopp til innhold

Kan bli venting på Lavik-Oppedal

Med berre ei ferje i drift kan det bli venting på ferjesambandet Lavik-Oppedal. Først søndag er to ferjer i drift på sambandet.

Ferjekø ved Oppdeal etter at det berre går ei ferje på sambandet Lavik-Oppedal.

VENTING: Bilistar som skal reise mellom Hordaland og Sogn og Fjordane må belage seg på venting, då det berre er ei ferje i drift på sambandet Lavik-Oppedal fram til søndag.

Foto: Roy Raasholm Fauske

Ferjesambandet Lavik-Oppedal på E39 er laurdag berre trafikkert av ferja Sogn, på grunn av tekniske problem. Fjord1 opplyser at sambandet vil gå i normal drift frå laurdag kveld klokka 19.30.

– Til no har avviklinga gått veldig bra, og ferja Sogn har klart å ta unna trafikken, men rutefrekvensen er halvert. Ingen bilar har blitt ståande igjen, seier Torbjørn Vik som er driftsleiar for sambandet.

Laurdag er vanlegvis den minst trafikkerte dagen i veka på sambandet ifølgje ferjeselskapet. Og frå klokka 19.30 er sambandet vanlegvis berre trafikkert av ei ferje, og Vik seier at ein frå då vil følgje vanleg oppsett rutetabell.

Ferja går kvar halve time frå Lavik, og kvar heile time frå Oppedal. Først på søndag er det to ferjer i drift på sambandet. Då kjem ferja Gulen, som til vanleg trafikkerer Mannheller-Fodnes, men dette får ikkje påverknad for dette sambandet.