Hopp til innhold

Kan bli tvinga ned frå fjellet

Jerveplaga er no blitt så stor i Guridalen ved Fortun i Luster at Mattilsynet no vurderer om dei skal be bøndene om å ta sauene heim frå beite.

- Då vil i tilfelle måtte legge ned drifta. Vi har ikkje beite til å ha så mange sauer heime, seier bonde Steinar Mørkrid.

600 sauer

Sau drepen av jerv
Foto: Statens naturoppsyn

Olav Hermansen i Mattilsynet stadfestar at dei no kan bli nøydde til å be dei to sauebøndene i Guridalen om å ta dei 600 sauer deira heim.

Gardbrukarane har kjempa mot jerven i snart ti år, og jerven har  rekordtidleg i år har sett i gong å drepe sauer igjen. For ei tid sidan fekk dei midlar til gjetar, men gjeting er til liten nytte.

- Gjetaren er frustrert, for ho måtte bruke tid på å leite etter kadaver, seier han.

Vanskeleg jakt

Bøndene får fellingsløyve i dag, men å jakte på jerv er svært vanskeleg. No håpar Mørkrid at Statens naturoppsyn kan gje løyve til å jakte på jerven året rundt, det aukar sjansane for å få tak i den.

- Vi må inn kjapt for å ta ut ein jerv som gjer skade, seier han. 

Sau drepen av jerv
Foto: Statens naturoppsyn.