Hopp til innhold

Kan bli stoppa av verneplan

Sikringa av eit ustabilt fjellparti i Aurland kjem i konflikt med verneplanen.

Sprekker i fjellet Stampa i Aurland.
Foto: Aurland kommune.

Fjellet Stampa er truleg det største ustabile fjellpartiet som er registrert her i landet, og eit skred kan i verste fall gje flodbølgjer i Aurlandsfjorden.

Prosjektleiar Bjørn Sture Rosenvold meiner tryggleiken for innbyggjarane forsvarer inngrep i eit verna vassdrag.

Tryggleik først

- Det er samfunnstryggleik som kjem først. Ingnrepa er veldig små i forhold til vinsten du hentar ut, seier Rosenvold.

Ei omfattande drenering av elvar og bekkar skal redusere faren for at fjellet Stampa raser ut i Aurlandsfjorden. Fjellpartiet har store sprekker og heile dalsider sig sakte utover mot fjorden.

Energiselskapet E-CO vil nytte dei store vassmengdene i kraftproduksjon .

Men problemet er at Flåmsvassdraget vart verna i 1986. Drenering av sideelva Gudmedøla kjem difor i konflikt med verneplan 3.

Trur på utbygging

Ingeniørgeolog Ola Gunleiksrund trur likevel det er mogleg å få til ei utbygging.

- Det er så pass viktig og det er så pass store konsekvensar knytta til fjellområdet at noko må gjerast. Utifrå vår vurdering er dette prosjektet den mest fornuftige løysinga på ein vanskeleg situasjon, seier Gunleiksrud.

Ved å drenere Gudmedøla som ligg innanfor verneplanen, vil det bli mindre risiko for flaum, jordskred og steinsprang i løpet ned mot vegen og jernbana i Flåmsdalen.

- Det vil komme Flåmsbana og turisttrafikken i området til gode, seier Rosenvold.

Håpar på raskt svar

Aurland kommune sender no ein fersk rapport til olje- og energiminsteren der fagfolk rår til å drenere fjellmassivet.

Men sidan utbygginga kjem i konflikt med eit verna område, er det opp til departementet om kommunen kan søkje konsesjon for drenasje, flaumdempingstiltak og kraftproduksjon.

Utbygginga vil gje straum til 10 000 husstandar, og Rosenvold meiner det er eit godt klimatiltak. Han håpar på ei rask avklaring frå departementet.

- Problemvatnet vil nyttast til kraft i staden for å leiast ut i fjorden eller å gå andre vegar der ein ikkje har nytte av det. Du vil få grøn kraft og samtidig tenke langt fram mot periodar med klimaendringar og oftare ekstremnedbørperiodar, seier han.