NRK Meny
Normal

No må du vere ekstra på vakt - snøen kjem på fjellet

Ikkje la deg lure av det milde haustvêret. Kuldegrader og nedbør i høgfjellet kan føre til glatte vegar på fjellet dei kommande dagane, spesielt på kveldstid.

Snø på Sognefjellet

FARE FOR GLATTE VEGAR: Det har allereie kom snø på Sognefjellet, men også på dei andre fjellovergangane kan det no kome snø og det kan bli glatt.

Foto: Sognefjellshytta

– I høgfjellet er det venta kaldare temperaturar frå i dag, og mykje nedbør. Dette kan føre til periodar med snø, spesielt på nattetid, det seier Aslaug Skålevik Valved, vakthavande meteorolog ved Vêrvarslinga på Vestlandet.

Vi er framleis berre i september, men det er likevel moglegheiter for kvit melis på toppane i fjellet. Onsdag morgon var det snø på vegen over Sognefjellet.

Om du skal over dei høge fjellovergangane i dag eller til helga kan det vere lurt å byte til vinterdekk.

Sognefjellet, Filefjell og Hemsedalsfjellet er mest utsett, medan over dei lågare fjellovergangane som Strynefjellet og Vikafjellet er det liten fare for glatt føre.

– Spesielt natt til laurdag ser det ut for at det skal snø på høgder over 1200 meter, medan på søndag blir det mildare og mindre nedbør, melder Skålevik Valved.

Kjetil Molvær på vegtrafikksentralen i Lærdal har følgande råd:

– Om du skal over fjellovergangane er det lurt å ringe 175 eller gå inn på vegvesenet si side for å få meir informasjon. Skal du over Sognefjellet fredag eller laurdag bør du byte til vinterdekk. Brøytebilane kjem til å strø etter behov.

Skal du over fjellet til helga bør du ha vinterdekk

Kjetil Molvær / Vegtrafikksentralen i Lærdal

Sjølv på låge fjellovergangar skal ein vere forsiktig, på kveldstid og nattetid kan det bli kuldegrader og frost i bakken.


Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.