Hopp til innhold

No satsar Sindre (21) mot kongepokalen

Med sine 21 år kan Sindre Rørstadbotnen bli ein av tidenes yngste kongepokalvinnarar i vektløfting.

Sindre Rørstadbotnen i landskamp

VIL BLI BEST: Sindre Rørstadbotnen går for Kongepokalen under NM i mars.

Foto: Rune Fossum / NRK

Og sjølv er han ikkje beskjeden om eigne vinnarsjansar.

– Vi er fire stykk som kan slåst om kongepokalen. Det er jamnt mellom oss, og det er den som er tøffast i hovudet som vinn, seier han til NRK.no.

– Eg er i rute

Laurdag viste han at han er i ferd med å prikke inn toppforma fram mot noregsmeisterskapen. NM går av stabelen i Stavanger i mars, og med to månader igjen er han der han skal.

– Eg er godt i rute, det viser prestasjonane mine i dag, seier Rørstadbotnen.

Under landskampen mellom England, Norge og Sverige på heimebane i Naustdalshallen klinka han til. 130 kilo i rykk og 170 kilo i støt heldt nesten til bestemannspremie.

Så lyst hadde naustedølen på bestemannspremien at han la på tre kilo i siste løft, men med 173 kilo på stanga gjekk det gale. Det svartna for 21-åringen og han ramla bakover.

(Artikkelen held fram under)

Sindre Rørstadbotnen kjempa om å bli beste vektløftar under landskampen mellom Norge, Sverige og England. Med 173 kilo på stonga svimar han plutseleg av.

SVIMA AV – IGJEN: Sindre Rørstadbotnen prøvde seg på 173 kilo på stonga, men gjekk i bakken under landskampen i Naustdalshallen. FOTO: Rune Fossum.

Kan bli blant den yngste på nesten 70 år

Men vektløftarpluggen let seg på ingen måte skremme. Han veit at styrken er der.

– No er det berre å bite tenna saman og trene hardast mogleg fram til NM, seier han.

Folk i forbundet som NRK har snakka med fortel at tidenes yngste kongepokalvinnar går heilt tilbake til 1946. Då var det ein 18-åring frå Trøndelag som stakk av med det gjeve troféet.

Om Rørstadbotnen blir beste løftar under årets NM kan han med andre ord bli historisk.

– Det at eg er ung er ingen hindring for meg. Vi er jo nøydd å skrive litt historie, noko anna val har eg ikkje, seier han lattermild.

(Artikkelen held fram under biletet)

Sindre Rørstadbotnen og Gunnar Reikavam

TOPPFORMA: Sindre Rørstadbotnen og Gunnar Reiakvam skal dei neste vekene jobbe saman for å prikke inn toppforma. Her under landskampen i Naustdal.

Foto: Rune Fossum / NRK

Skal prikke inn forma dei neste to månadane

Det er nokre år sidan det har blenka i kongepokalen i Naustdal, og Tambarskjelvar-trenar Gunnar Reiakvam legg ikkje skjul på at han vil ha den «heim».

– Det er noko som ligg i bakhovudet heile tida, at vi skulle hatt den igjen. Vi har ikkje hatt den på nokre år, så det er på tide, flirer han.

Og at det kan bli nettopp Sindre Rørstadbotnen som gjer jobben, det har trenaren trua på.

– Han er iallfall med i kampen om kongepokalen, det er eg heilt trygg på. No har vi to månader der vi kan køyre på knallhardt for å få på plass formtoppen, gliser han.

(Artikkelen held fram under biletet)

Jantsen Øveraas på landskamp i Naustdalshallen

BESTE JUNIOR: Jantsen Øveraas frå Tambarskjelvar vart beste juniorløftar av alle under landskampen mellom Sverige, England og Norge i Naustdal.

Foto: Rune Fossum / NRK

Solide resultat på landskampen

Sindre Rørstadbotnen var ikkje den einaste lokale løftaren som viste gode takter under helgas landskamp mellom England, Norge og Sverige i Naustdal. Halve det norske laget var frå Tambarskjelvar.

Rørstabotnen løfta i klasse 94 kilo senior og vart ståande med resultatet 130 i rykk og i 170 i støt. 342,66 poeng var akkurat ikkje nok til bestemannspremien, men han vart med det klart beste norske løftar.

Det var engelske Ben Watson som vart beste løftar av alle med 346,81 poeng, det fekk han etter å ha klart 145 kilo i rykk og 175 i støt i +105 kilos klassen.

Beste juniorløftar

I juniorklassen var Naustdals-klubben representert med to løftarar, både Jantsen Øverås og Tore Gjøringbø løfta for Norge. Jantsen Øverås løfta i klasse 69 kilo og vart ståande med 104 i rykk og 130 i støt. Gjøringbø løfta i klasse 94 kilo og fekk 112 i rykk og 147 i støt som teljande resultat.

Med 321,69 poeng vart Øverås beste juniorløftar av alle, medan Gjøringbø med sine 306,46 poeng vart tredje beste løftar i juniorklassen.

Også på kvinnesida var Tambarskjelvar representert, denne gong av Marit Årdalsbakke som er seniorløftar i klasse 69 kilo. Ho vart ståande med 72 kilo i rykk og 90 kilo i støt. Dette er noko av det beste ho har prestert på poeng, men det heldt likevel ikkje til pallplass i dameklassen.

Marit Årdalsbakke

SOLID: Marit Årdalsbakke leverte solid løfting i kvinneklassen.

Foto: Rune Fossum / NRK
Jantsen Øveraas på landskamp i Naustdalshallen

BESTE JUNIOR: Jantsen Øveraas frå Tambarskjelvar vart beste juniorløftar av alle under landskampen mellom Sverige, England og Norge i Naustdal.

Foto: Rune Fossum / NRK
Resultat frå landskampen mellom England, Sverige og Norge

ENGLAND VANN: England vart beste nasjon under landskampen mellom England, Sverige og Norge.