Dette kan det bli slutt på dersom det blir kraftverk i Jølstra

Jølster Rafting har eksistert sidan 1997. Dersom anten Sunnfjord Energi eller Nordkraft får konsesjon til å drive Jølstra kraftverk, vert det kroken på døra for raftingselskapet.

Tysse og Steinset

MÅ LEGGE INN ÅRENE: Per Tysse og Erik Kristian Steinset i Jølster Rafting seier den låge vassføringa ved ei eventuell kraftutbygging vil gjere det umogleg å halde fram med rafting i Jølstra.

Foto: Tone Merete Lillesvangstu / NRK

– Slik planane ligg føre i dag vil det føre til at den nedre delen av elva, som er den absolutt beste, i praksis ikkje vil bli mogleg å rafte i, seier dagleg leiar i Jølster Rafting, Erik Kristian Steinset.

Fordelen med Jølstra, seier han, er at elva er svært stabil, samt at ho på ti kilometer har over 100 meter fall. Konsekvensutgreiingane syner at vassføringa vil bli så låg at det ikkje vil vere noko igjen å rafte i.

– Sidan vi er eit selskap der hovudvekta av inntektene kjem frå rafting, vil vi måtte leggje ned drifta, seier Steinset.

– Tek ein vekk raftinga, er det ingenting att

Sidan 1991 har Jølstra vore eit ynda mål for raftarane. Jølster Rafting AS vart stifta i 1997. I dag er selskapet eigd av fire personar, Knut Arild Flatjord (10%), Hans Petter Henriksen (30%), Erik Kristian Steinset (30%) og Per Tysse (30%).

I sesongen har selskapet fire tilsette, i tillegg til at eigarane stepper inn når det trengst.

I dag er dei det største raftingselskapet i Sogn og Fjordane. Konsekvensane blir store dersom dei må legge inn årene, seier Steinset.

– I løpet av sesongen har vi 2.000 kundar innom. Dei fleste av dei er her for raftinga sin del. Tek ein vekk raftinga, er det ingenting att.

I tillegg til at raftinggjestane legg at pengar hjå dei, dryp det også på andre næringslivsaktørar i både Jølster og nabokommunane, seier Steinset.

– Vi har mange som kjem hit for å nytte våre aktivitetar, og dei treng overnatting og mat. Det gir høgare omsetnad for fleire partar, seier han.

(Artikkelen held fram under videoen)

– Ikkje mogleg å gjere alle til lags

Prosjektleiar for Jølstra kraftverk i Sunnfjord Energi, Kjell Johnny Kvamme, seier dei har jobba for å ta vare på alle interessene i elva.

– Men diverre synte det seg at det ikkje var mogleg møte interessene til Jølster Rafting og samstundes ha eit økonomisk gjennomførbart prosjekt, seier han.

Sjølv om det vil slå hardt ut for selskapet som driv rafting i elva, seier han at Jølstra er det einaste alternativet for dei.

– I vårt område er Gaula, Guddalen og Nausta alle verna, seier han.

Kjell Johnny Kvamme

UMOGLEG: Prosjektleiar for Jølstra kraftverk i Sunnfjord Energi, Kjell Johnny Kvamme, seier det er umogleg å ha ei vassføring som gjer det mogleg å drive rafting i elva og samstundes få til eit lønsamt kraftverk.

Foto: Tone Merete Lillesvangstu / NRK

Også sjef for prosjektutvikling i Nordkraft, Torbjørn Sneve, seier det er umogleg å gjere alle til lags ved ei kraftutbygging.

– Når du ein gong skal steike ein omelett er du nøydd til å knuse nokon egg. I dette tilfellet så blir det ei vurdering av samfunnsnytten av ei kraftutbygging mot ein aktivitet som rafting, seier han.

Har aldri teke ut utbyte

Det vil vere tungt dersom kraftutbygginga skal bli punktum for drifta, seier dagleg leiar Erik Kristian Steinset.

– Det er ikkje kjekt. Vi driv heile tida og byggjer ut drifta og aukar omsetnaden. Vi legg ned masse dugnadsinnsats for å byggje opp selskapet. Å sjå at alt dette kanskje må leggjast ned, er ikkje akkurat inspirerande, seier han.

Styreleiar Per Tysse seier at eigarane aldri har teke ut utbyte på dei 16 åra selskapet har eksistert, men at dei har pløya alt overskot inn att i drifta for å vidareutvikle konseptet.

– Det er interessa og lysta til å få til noko som driv oss. Hadde vi gjort dette berre for å tene pengar, ville vi nok tent betre på å gjort noko anna, seier Tysse, som også har vore sterkt involvert i rafting på Voss og kjenner miljøet godt.

Han seier at det ikkje er noko alternativ å nytte seg av den delen av elva som ligg over området der kraftverket skal ha inntak.

– Den delen er det så små stryk i at det ikkje er noko det vil vere ønskjeleg å rafte på. Kundane vil ikkje komme hit for det, seier Tysse.

– Stort tap for kommunen

Tysse seier at raftinga betyr mykje for turistnæringa både i Jølster om omlandet rundt.

– Det vil ta vekk ein viktig del av turistnæringa her i Jølster og det vil få store ringverknadar. Vi er eit selskap i ekspansjon, og kven veit kor store vi vil kunne bli dersom vi får lov til å halde på. Dette er veldig tragisk, seier Tysse.

– Jølstra er livsnerven i selskapet vårt, og ei utruleg god elv. Vi har auka jamt og trutt kvart einaste år, og vi har definitivt potensial til å tredoble kapasiteten. Vi har mykje ugjort, men vi har teke ting litt etter litt, seier Tysse.

Kor mykje pengar som går tapt for investorane dersom kraftverket vert ein realitet, torer dei knapt tenkje på.

– Ser ein på både verdiar og arbeidsinnsats som er lagd ned, så snakkar vi mange årsverk, seier Tysse.

Også ordførar i Jølster, Oddmund Klakegg, seier det vil bli eit veldig stort tap for kommunen dersom Jølster Rafting må legge ned.

– Jølster Rafting har vore ein spydspiss for aktivitetsturismen i Jølster i over tjue år. Dette med ta i bruk naturen har kome inn i reiselivet for fullt, folk skal ikkje berre sjå på naturen lenger. Og Jølster Rafting har fronta den delen av turismen på ein veldig flott måte, seier han.

– For økonomien i reiselivet er det overnattingsdøgn som verkeleg tel. Men skal folk overnatte og bruke tid i Jølster må dei ha noko å gjere på. Og der kjem Jølster Rafting inn som ein veldig viktig aktør, seier Klakegg.

Oddmund Klakegg

SPYDSPISS: Ordførar i Jølster, Oddmund Klakegg, seier det vil bli eit stort tap for kommunen dersom Jølster Rafting må legge ned.

Foto: Tone Merete Lillesvangstu / NRK

Atle Steinar Solheim vart overraska med nyheita om at han er ein av fem nominerte
Over 80 barn var samla på Jølstraholmen for å tjuvstarte adventstida med pynting av pepperkakehus.
Å levera lekser på nett er ikkje lett når internett-tilgangen er dårleg. 
Men det ER realiteten for mange skuleelevar i distrikta. 
Skilnadane er store, trass i at bruk av data får ein stadig større plass i skulen.