Hopp til innhold

Kajakkpadling er den nye folkesporten

Kajakklubbane i fylket har stor pågang. I tillegg er det mange utanlandske turistar som ynskjer å kome ut i naturen i kajakk.

Kajakkpadling på Jølstravatnet

STOR INTERESSE: Tett mellom kajakkane på open dag på Jølstravatnet.

Foto: Brit-Siv Fimland

Folk søkjer no til sjøen for å mosjonere og for å kome nærare naturen.

– Det er fredeleg og roleg, du er ofte langt borte frå bilstøy og anna støy, det er berre du og naturen, seier Brit-Siv Fimland, som har vore aktiv padlar i 7-8 år og hevdar det er lite som kan samanliknast med ein kajakktur.

Ho viser fram bilete frå då ho og resten av Sunnfjord kajakklubb arrangerte open dag med padling på Jølstravatnet.

– Det kom veldig mykje folk, det var til tider kø av både ungar og vaksne som hadde lyst til å prøve kajakk.

Brit-Siv Fimland

- FREDELEG: Brit-Siv Fimland seier det er lite som kan samanliknast med ein tur i kajakk.

Foto: Marianne Rotihaug / NRK

260 aktive padlarar

Fimland, som er medlem i Sunnfjord kajakklubb, meiner sporten passar for alle, noko medlemsauken i klubben tyder på. I løpet av eitt år har klubben i Sunnfjord fått 40-50 nye medlemmer, og har no 260 aktive padlarar. Leiar for Sunnfjord kajakklubb, Øyvind Korsøen, seier dei no må utvide for å få plass til alt utstyret som krevst.

– Vi synest det er ein veldig fin vekst, og no byggjer vi faktisk på naustet vårt på Øyrane for å få plass til fleire kajakkar og fleire aktive medlemmer.

– Tett på dyrelivet

Også i Nordfjord er interessa for kajakk aukande. Leiar i Gloppen padleklubb, Peter Andersen, har fått 45 nye medlemmer i klubben sin sidan årsskiftet.

– Vi sit heilt nede i vasskorpa og kjem tett på dyrelivet og på naturen generelt. Det er ei viktig årsak til at folk tek til å padle, i tillegg har du mosjonselementet, det er god trening. Det er også sosialt, det er mange i klubben.

Sara Marie Ytreøy

- TURISTANE VIL PADLE: Sara Marie Ytreøy i Visit FjordKysten.

Foto: privat

– Vil ta del i naturen

Men det er ikkje berre innbyggjarane i fylket som har fått opp augene for padling. Sal- og marknadssjef i Visit FjordKysten, Sara Marie Ytreøy, fortel at turistane ønskjer å kome i kontakt med naturen.

– Det er stadig fleire turistar som etterspør aktivitetar i naturen. Dei vil ikkje berre sjå på naturen, men vil ta del i den gjennom opplevingar. Og kajakkpadling blir meir og meir populært.

Selskapet Njord i Flåm har i ti år drive med turisme basert på kajakkturar. I løpet av ein sesong får dei besøk av mellom 1800 og 2300 turistar. Trass i ein sommar med dårleg vêr trur guide Britt-Mari Aldal dei vil kome opp mot 2300 vitjande denne sommaren.

– Grunnen er først og fremst den flotte naturen vi har her, og så er vi heldige som er lokalisert i ein kjend turistdestinasjon som Flåm. I tillegg er kajakk blitt veldig populært dei siste åra. Det er mange som vil prøve det ut og sjå om det er noko for dei.

Britt-Mari Aldal

- VELDIG POPULÆRT: Britt-Mari Aldal instruerer ein ung kajakkspire i Flåm.

Foto: privat