Hopp til innhold

Kader blir sogndalspelar igjen

Ivorianaren reiste på tjuvperm i fjor, men no er Barry Kader igjen med på Sogndal sine treningar.

Barry Kader

Barry Kader blir truleg klar for Sogndal om kort tid.

Foto: Sander Heggheim/NRK

1. divisjonsklubben er på treningsopphald på La Manga. Med på opphaldet er ivorianske Barry Kader som stakk av frå klubben i mai i fjor.

- Viktig del

Trenar Harald Aabrekk seier til Sogn Avis at Kader truleg blir sogndalspelar att om kort tid. Kader skal ha prøvespelt for fleire franske klubbar sidan han reiste frå Sogndal, men ser no ut til å bli ny spelar i Aabrekk sin heller tynne spelarstall.

- Barry er ein spelar som kan spele i fleire posisjonar, og vil bli ein viktig del av stallen vår, seier han til avisa.

- Ingen problem

Kader fekk 56 obligatoriske kampar i sogndaltrøya før han i september i fjor skilde lag med 1. divisjonsklubben . Spelarane har drøfta returen til Kader og ynskjer han velkomen attende.

- Det som skjedde i fjor var ikkje heldig, men spelargruppa har diskutert saken, og har ingen problem med at han no kjem tilbake, seier Aabrekk til avisa.