Hopp til innhold

Julianne (19) får ikkje hjelp

Pårørande til rusmisbrukarar kjenner seg åleine med problema.

Illustrasjon
Foto: Scanpix

19 år gamle Julianne veit godt når nokon er påverka av rus. Faren er alkoholikar og broren rusmisbrukar.

Verken helseapparat eller kommunen har spurt Julianne om ho treng hjelp. Ho står åleine.

Kolapsar

- Det er vel berre ein strategi for å overleve, at ein set seg sjølv til side, og gjer det ein kan for å hjelpe andre. Ein vert sliten både mentalt og fysisk, men det er ikkje før ein kjem seg vekk, og kan senke skuldrane litt at ein kolapsar, seier Julianne.

Ho klarar ikkje å la vere å stille opp for dei. Det er ofte skuldkjensla som rår. Ho sjølv er aleine, Saman med mamma må ho takle alle dei kjenslene som heile tida er der.

- Kven er det som passa på deg då?

- Sei det, mamma er jo veldig god å prate med då.

Får ikkje hjelp

- Har du fått profesjonell hjelp? Er det nokon som har spurt deg om det?

- Det er det ikkje. Eg veit ikkje kvar eg skal henvende meg, det vert vel til legen, men å gå til ein vanleg psykolog som ikkje veit korleis det er å ha famlile som er alkoholisert og rusmisbrukarar...... Eg vil ikkje sitje med ein person som ikkje veit korleis det er, og leggje ut. Då kunne eg like gjerne snakka om blomster.

- Du er veslesystera hans, og han er storebroren din, også gjer han dette, klarar du å vere glad i han?

- Eg gjer jo det då, viss ikkje hadde eg ikkje stilt opp slik eg gjer. Blod er jo tjukkare enn vatn, og sprit og rusen.