NRK Meny
Normal

Julevask til inntekt for sjukehus i Nepal

SANDANE (NRK): Elevar ved Nordfjord Folkehøgskule har tatt julevasken for folk i Sandane. Pengane dei tener skal gå til eit sjukehus i Nepal.

Stine Bostrøm og Håvard Ness

BISTAND: Elevane, Stine Bostrøm og Håvard Ness, har skrubba og vaska i fleire timar i dag for å hjelpe eit sjukehus i Nepal.

Foto: Hibba Sarmadawy / NRK

– Med det vi gjer no så får me moglegheit til å hjelpe andre som har det mykje vanskelegare enn oss, seier Håvard Ness.

Han er i eit stort hus i Øyravegen i Sandane saman med medelev Stine Bostrøm. Dei er nemleg blant 132 elevar som i dag står iherdig på, og hjelper folk som har hatt behov, med blant anna å gjere det reint i heimen.

Med ein mopp i handa fortel Bostrøm kvifor dei ikkje er på skulen i dag.

– Eg synest det er veldig morosamt å hjelpe lokalbefolkninga her med julevasken, men eg gjer det fordi me samlar inn pengar til eit sjukehus i Nepal, seier ho.

Glad for at folk bryr seg

Elevane på Nordfjord Folkehøgskule er med på å bygge eit sjukehus i Okhaldhunga i Nepal, som er for folk med dårleg råd. Året rundt har elevane prosjekt på gang for å tene inn pengar for å bygge ut sjukehuset.

– Eg er veldig stolt av å gå på ein skule som bryr seg så mykje, og at folk ynskjer å hjelpe til, det er utruleg bra, seier Bostrøm.

Det er gjennom annonsar på sosiale medium og mykje hjelp av ein lærar at dei har klart å nå ut til såpass mange. Men julevaskprosjektet er ikkje noko nytt. Elevar frå tidlegare år har gjort det same, og mange av dei som har fått hjelp tidlegare har kontakta elevane i år òg.

– Vi har naturlegvis lagt prosjektet med julevask rett før jul fordi det er da folk har bruk for hjelp med vasking. Dessutan har tidlegare elevar vore så flinke, og difor vil folk ha hjelp frå oss også, seier Ness.

Håvard Ness og Stine Bostrøm

STÅR PÅ: Her står elevane og vaskar alle tak og veggar hos eit eldrepar.

Foto: Hibba Sarmadawy / NRK

Endre fokus

Elevane tykkjer det er viktig å rette blikket mot det som skjer i resten av verda. På ein folkehøgskule er det fort at elevane har mest fokus på seg sjølv.

– Som ein av lærarane forklarte det så fint i byrjinga av skuleåret – ein bør sjå litt lenger enn si eiga navle. Det er viktig å lære seg at ikkje alle har det like bra som vi har det, seier Ness.

Dei føler seg som ein del av ein større heilskap på skulen, men ved å hjelpe andre som treng det, kjenst det mykje større for elevane.

– Vi har det så bra her i Norge. Det å få hjelpe andre er utruleg gjevande, både for oss og dei, seier Bostrøm.

Vil slå fjorårets rekord

To av fire bygningar står klare. Planen er å få opp miljøstasjonar og gjere det til eit grønare sjukehus enn det er i dag. Sjukehusprosjektet treng 4,2 millionar kroner. I fjor samla dei inn over 300 000 kroner i laupet av eit år. I år har elevane tent inn meir enn 200 000 kr til saman, og julevasken vil gje dei meir pengar som kan sendast av garde.

– Me har store ambisjonar om å slå fjorårets rekord, det er innanfor rekkevidda håper vi, seier Ness.

– Dei treng framleis hjelp eit par år framover, men vi satsar på at vi klarar det, vi har allereie slått rekorden på eit anna prosjekt. Men det viktigaste er ikkje å slå rekorden, men hjelpe dei som treng det, seier Bostrøm.

Den nye regjeringa vurderer å kvitte seg med odelslova. Det kjem ikkje på tale, svarer bøndene.
Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.