Hopp til innhold

Julestengd fylkesveg skapar problem for hytteferierande som må ta store omvegar

Julestengig av Fylkesveg 50, Hol-Aurland, har ført til at færre vestlendingar har kome seg til hyttelandsbyen i Geilo i jula. Vegvesenet lova å opne vegen 14. desember, men klarte ikkje å halde lovnaden. – Vi er skuffa, seier hytteeigarar.

Geiteryggtunnelen

STENGT I JULA: For dei ferierande som skal frå Bergen til Geilo har stenginga av Geitryggtunnelen ført til lange omkøyringsvegar.

Foto: Tore Braaten / Statens vegvesen

– Eg er skuffa over at dei ikkje opna vegen. Å køyre om Hemsedal til Geilo tek halvanna time lenger enn å reise over Hol – Aurland. Det er for lang tid om ein har små born i bilen, seier Ronnie Hilland frå Bergen.

Han og familien har hatt hytte på Geilo sidan 2007, og brukar ofte vegen over Hol – Aurland til å kome seg fram, sidan vegen over Hardangervidda ofte er stengt på grunn av uvêr.

I jula er Geiteryggtunnelen stengt på grunn av omfattande vedlikehaldsarbeid, og Vegvesenet må ha vakt i tunnelen om den skal brukast, og i julehøgtida er slikt vakthald dyrt.

– Vi driv med omfattande tryggingsarbeid, og har ikkje fått montert opp alle systema, elektriske anlegga, nødtelefonane og slikt som må vere på plass, seier prosjektleiar for Statens vegvesen, Tore Braaten.

Skuffa over Vegvesenet

– Det er eit stort problem, og eg føler at mange her oppe som skulle kome på fjellet ikkje har kome i det heile, for det blir for strabasiøst, seier Hilland.

Ronnie Hilland si hytte på Geilo

VANSKAR MED Å KOME HIT: Ronnie Hilland og familien hadde sett fram til å feire jul på hytta, men ferda vart meir strabasiøs enn dei hadde forventa.

Foto: Ronnie Hilland

Han trur færre folk på fjellet betyr ei slunken kasse for turistnæringa i jula.

– Det er mange som brukar denne vegen av dei som har hytte på Geilo, Ustaoset og Haugastøl. Når færre folk reiser oppover, så taper nok turistnæringa pengar. Vegvesenet lova at vegen skulle opne 14. desember, men det gjorde den ikkje. Eg syns det er rart at Vegvesenet ikkje har råd til å betale dei pengane det kostar å halde vakt, slik at tunnelen kan vere open.

– Julestengig er den beste løysinga

Statens vegvesen meiner det er så mange gode alternative køyreruter at stenginga ikkje skal føre til så store problem.

– Ein kan køyre langs riksveg 7, Hardangervidda, E 16 over Filefjell eller riksveg 52 over Hemsedalsfjellet. Og vi veit at det er relativt beskjeden trafikk her i jula, og arbeidet er lagt utanfor turistsesongen, for det er flest bilar her på sommaren, seier Braaten.

Geiteryggtunnelen

MYKJE ARBEID: I haust har Vegvesenet mellom anna sprengt ut nisjar og reinska store deler av tunnelen.

Foto: Tore Braaten / Statens vegvesen

Han seier at det også vart gjennomført nye vurderingar, som også støtta opp under at det var riktig å stenge i jula.

– Det var ganske dårleg vêrvarsel for jula, så det ville uansett vore stengt i periodar, seier Braaten.

Fylkeskommunen har løyvd 115 millionar kroner i sitt langtidsprogram til opprusting av tunnelen, slik at den oppfyller nye tryggingskrav, innan 2015. Arbeida har teke lenger tid enn planlagt, og frå 2. januar startar Vegvesenet opp igjen arbeidet i tunnelen.

– Det er veldig nødvendig rehabilitering som blir gjort, og det er lys i tunnelen, seier Braaten.

Men det er ikkje godt nok for Hilland.

– Det er slik no at på grunn av dei trafikale problema, så skulle vi heller bygt hytte på Voss.