Hopp til innhold

Her er dagens quiz – 1. januar

Freistar det å trimme dei små grå? Då kan du gjere det i lag med oss. NRK Sogn og Fjordane serverer deg ein quiz kvar dag frå julaftan og fram til 1. nyttårsdag.

Julequiz
Foto: Ole Dag Auflem/Viki Johnsen/Naglestad/Dalaker/NRK/Kleiven/Andersdotter Vevle/Stølen/Blaalid Oldeide

Spørsmåla i quizen er ei lett blanding, der storparten av det er knytt til Sogn og Fjordane, kommunane i fylket og personar som har tilknyting til fjella og fjordane våre.

Finn fram penn og papir og du er klar. Noter ned den første bokstaven i svaret ditt, og alle bokstavane blir til dagens løysingsord. Det sender du inn i svarboksen som du finn nedst på denne sida.

Vi plukkar ut ein vinnar kvar dag. Den heldige får ein NRK-sekk med litt godis i posten. Av alle dei som sender inn rett svar i løpet av jula og romjula, plukkar vi ut ein vinnar som får ein DAB-radio.

Her er dagens quiz:

  1. Med kystvegen skal du i framtida kunne køyre ferjefritt mellom Florø og Måløy. Brua skal etter planen gå over ytre Nordfjorden mellom Tongane og kva nes?
  2. I kva avis i fylket er Rune Sviggum redaktør?
  3. Eit damelag frå fylket rykte opp i 1. divisjon fotball i haust. Kva heiter kapteinen på laget? Vi vil ha førenamnet hennar.
  4. Forfattaren og dramatikaren Norvald Tveit (90) frå Hyllestad. Veit du kor mange år det er sidan han fekk Kongens fortenestemedalje i gull? Skriv svaret med bokstavar.
  5. I Skjolden har huset til ein kjent filosof blitt plukka frå kvarandre i år, før det skal byggast opp att ein annan stad i Luster neste år. Kva heiter filosofen? Vi vil ha førenamnet.
  6. Fiskebåten «MS» Bluefin frå Florø hadde stor suksess då dei i haust fiska etter makrellstørje. Fekk du med deg namnet på skipperen på båten? Vi vil ha førenamnet.
  7. Kva heiter det internasjonale seismikkselskapet som skal etablere eit stort lager på Fjord Base i Florø?
  8. Kva heiter ministeren som FrP-politikar Britt Dalsbotten skal vere politisk rådgjevar for? Vi vil ha førenamnet på ministeren.

Fristen for å sende inn rett svar er ved midnatt same dag som quizen er lagt ut.

Om du ikkje får skjemaet til å fungere kan du sende løysingsordet saman med namn og adresse til konkurranse.sfj@nrk.no

Lykke til!