NRK Meny
Normal

Jul i Movika - 2. desember

Det er 2. desember og luke nummer to har opna seg. Klarer du dagens oppgåve? Du kan vinne fine premiar.

Jul i Movika - 2. desember. Foto: Alf Vidar Snæland

LUKE 2: Kokk Steinar Lindstrøm og programleiar Gro Ravnestad byr på mange lærerike og spennande oppgåver i førjulstida. Foto/Redigering: Alf Vidar Snæland.

Årets julekalender frå NRK Sogn og Fjordane handlar om julemat og juletradisjonar.

Kokk Steinar Lindstrøm og programleiar Gro Ravnestad tek turen til Sunnfjord Museum i Movika for skape ekte førjulsstemning. Den gamle Huus-stova blir pynta med juleraudt, blomster og lys, og i den gamle vedomnen er det god varme.

Få tips og råd

Kva er det Steinar må ha i bøtta ilag med fisken?

Med seg har dei råvarer som skal bli til tradisjonell julemat. Det blir gode mattips og historier rundt julematen og juletradisjonane. Det er også det spørsmåla våre skal handle om.

Kvar dag i desember fram til julaftan gjev Steinar og Gro deg ei ny oppgåve du kan bryne deg på. Øvst på sida finn du video med dagens oppgåve.

Fine premiar

Kvar dag blir det trekt ein vinnar som får eit NRK-krus med julesnop. Hovudpremien trekkjer vi mellom alle som har svart i løpet av adventstida.

Premien er eit besøk av sjølvaste Lindstrøm og Ravnestad som kjem heim til den heldige og lagar eit betre måltid!

Veit du svaret? Send inn:

Du kan også sende inn svaret til konkurranse.sfj@nrk.no.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.