Hopp til innhold

Jublar over ny storstove på Nordfjordeid

NORDFJORDEID (NRK): Etter nær 20 års ventetid var dagen endeleg her. Ein ny fleirbrukshall til 50 millionar opna på Nordfjordeid.

Elevane ved Nordfjordeid skule går ein ny kvardag i møte.

STOR DAG: Elevar, tilsette og foreldre har venta lenge på å kunne klippe snora til den nye fleirbrukshallen på Nordfjordeid skule.

Foto: Anders Tesdal Galtung / NRK

– Det er veldig fint og bra at Eid har fått ein så fin hall. VI har hatt lite tid både på fritida og skulen til fysisk aktivitet, seier Marius Steintveit, som er elevrådsleiar ved Nordfjordeid skule.

Tuva Nyhammer-Taklo og Marius Steintveit er to av elevane som gler seg til å ta i bruk hallen.

BEHOV: Elevane ved skulen seier det er ein gledas dag. – Vi har trengt ny hall lenge, seier Tuva Nyhammer-Taklo og Marius Steintveit i elevrådet.

Foto: Anders Tesdal Galtung / NRK

Fram til i går måtte dei 330 elevane ofte pendle til sentrum for å ha gymnastikk, men frå no av er det ein ny kvardag som ventar dei. Akkompagnert av drill, korps og heiarop kunne elevane endeleg klippe snora på fleirbrukshallen som har vore sårt etterlengta.

– Dette er er ein veldig god dag. Det har vore snakk om i 20–30 år. No har vi ein hall som vil stå seg i all ettertid, og som er flottare enn det folk hadde sett for seg, trur ordførar i Eid, Alfred Bjørlo, stolt.

Ser lyst på framtida

Idrettslag og andre grupper går også ein ny kvardag i møte, der dei kanskje ikkje treng stå på venteliste for å boltre seg med fysisk aktivitet.

– Det er liten plass i den gamle, og her er mykje teknisk utstyr og vi kan halde på med fleire ballaktivitetar, seier Tuva Nyhammer-Taklo, som også sit i elevrådet.

Kring 50 millionar kosta den nye storstova, som også skal huse kulturelle framsyningar, møter og anna. Det er eigen dansesal og styrekrom i hallen, og Bjørlo trur kommunen vil nyte godt av investeringa.

– Dette betyr at Eid er blitt ein betre plass å vekse opp og bu. Det er eit kvalitetsløft for skulemiljøet, det opnar for eit meir mangfaldig og rikt idrettstilbod og Eid blir også ein meir attraktiv stad å bu og vekse opp på.

Den nye storstova på Nordfjordeid har plass til mange.

GOD PLASS: Over 1000 born og unge i skulealder bur i Eid sentrum. Framover får dei eit rikt idrettstilbod å delta i, truleg også med større boltreplass enn før.

Foto: Anders Tesdal Galtung / NRK