Hopp til innhold

Journalist melde helsemillionær etter å ha fått 300 roser

Journalist Målfrid Bordvik i Dagens Medisin melde helsemillionær Jesper Melin Ganc-Petersen til politiet, for å ha sendt henne ei anonym gåve ho oppfatta som trussel.

Jesper Melin Ganc-Petersen vann prisen for årets entreprenør i klassa for tenester.

BEKLAGA: Jesper Melin Ganc-Petersen (i midten) seier rosene var meint som ein gimmick, og at han har beklaga ovanfor journalisten.

Foto: Bård Gudim

Bordvik seier til Dagens Næringsliv at eit bod kom heim til henne med 300 raude roser og hjartekonfekt frå ein anonym avsendar.

På kortet sto det: «Takk for sist. Håper å sjå deg igjen snart Kjære tanker, F».

Det skjedde fire dagar etter at ho i Dagens Medisin hadde publisert den siste av fleire kritiske saker om den danske helsegründeren og selskapa han har bygt opp i Noreg med base på Sandane i Gloppen.

Meint som trussel

– Det var veldig ubehageleg. Eg oppfatta at blomane var meint som ein trussel om kva eg kunne vente meg dersom eg skrev vidare om denne saka, seier journalist Bordvik.

Dansken tente i over 550 millionar kroner i 2017 på betalingsautomatar på legekontor rundt om i landet, pluss pengar på inndriving av ubetalte legerekningar.

Ifølge Bordvik var det usemje rundt sitatsjekken i den siste saka om Jesper Melin Ganc-Petersen. Bordviks redaktør i Dagens Medisin oppfatta at kortet som følgde med gåva, var meint å skape uvisse og frykt.

Lagt vekk

Politiet etterforska saka, men valde å legge vekk forholdet, da både dansken og personen som betalte gåva, ein i Ganc-Petersens nærmaste krets, nekta å la seg avhøyre.

Ganc-Petersen har nå innrømde å ha sendt gåva, men seier det var ein spøk.

– Eg har sagt unnskyld til journalisten, og politiet legg vekk saka. Det skulle berre vere ein gimmick, seier han til Dagens Næringsliv.

– Meint å gjere livet surt

Bordvik seier ho syns det er litt seint å komme med ein beklaging fire månader etter at ho fekk rosene på døra, og først etter at saka hamna i media.

Generalsekretær Arne Jensen i Norsk Redaktørforening synest det var fornuftig å la politiet gjere ein vurdering av saka.

– Dette må oppfattast som at rosene er meint å gjere livet surt for ein journalist, seier Jensen til Dagens Medisin.