Med unnatak av ein periode i første omgang var Jotun heile tida i føringa, men Stavanger kom seg stadig opp på uavgjort. Mot slutten greidde heimelaget å slite seg til ei firemålsleiing på 21-17, og då trudde dei 500 på tribunane at det heile var avgjort. Men så lett ville ikkje Stavanger gi seg, dei sette inn tre mål, slik at det stod 21-20 med fem minutt igjen å spele.
Svar på tiltale
Men med enorm støtte frå heimepublikummet greidde Jotun å svare på tiltale, og via 23-21 og 23-22 vart det til slutt ein tomålssiger og sårt tiltrengte poeng.
Malene Solheim god i mål
Nadja Melnikova sette inn det siste målet på straffekast, og ho vart som vanleg toppskårar med åtte mål. Malene Solheim gjorde ein stor kamp i mål og bidrog sterkt til sigeren.
Jotun er no på tredjesiste plass på tabellen med fire poeng på ni kampar.