Det var ei serieavslutning av dei heilt sjeldne dei 1000 tilskodarane i Årdalshallen fekk oppleva. Den beste krimforfattar kunne ikkje gjordt det betre.
Under med åtte mål
Eit Jotun-lag fullt av nerver låg under med heile åtte mål ved pause. Då var laget i 2. divisjon etter som rivalen Træff leia med heile seks mål over Storhamar i Molde.
Ville ikkje ha gravøl
Men trenar Stig Jøsendal og Jotun-damene ville ikkje at festen om kvelden skulle bli eit gravøl. Jotun snudde kampen mot Årstad i andre omgang og leia med eitt mål to minutt før slutt. Men Årstad avslutta best og vann 28-27. Då var Jotun var likevel nede, trudde dei fleste.
Speaker i Årdalshallen visste betre. Gå ikkje heim, var hans beskjed. Ute på bana stod Jotun-leiar Jarle Nundal med mobiltelefon og kunne strekkje hendene i veret som signal: Storhamar hadde snudd kampen mot Træff, og tre minutt etter kampslutt i Årdal kom gladmeldinga: Træff hadde tapt med tre mål, og Jotun er 1. divisjonslag også i 2006.
Enno eit lite men...
Lagnaden til Jotun ligg likevel framleis i NHF. Træff har lagt inn protest på appellen om poenget dei er frådømt i kampen mot Drammen. Sjansane for at appellkomiteen gjer om avgjerda om å fråta Træff det eine poenget er truleg svært liten.
Avgjerd i slutten av veka?
Appellkomiteen i Handballforbundet tek stilling til den nye klagen frå Træff mot slutten av denne veka eller tidleg i neste veke.
Trenar Stig Jøsendal forlet Jotun. Arkivfoto Kjell Arvid Stølen NRK
Men trenaren reiser
Stig Jøsendal gir seg som trenar for damelaget til Jotun. Suksesstrenaren frå Bergen har trent årdølene opp frå 3. divisjon til 1. divisjon. Jøsendal seier han munnleg har sagt ja til å trena Bergens-laget Årstad komande sesong. Og med han reiser sambuar og toppskårar Beathe Myrdal.
Operasjon overtaling
Leiaren i handballgruppa i Jotun, Jarle Nundal, seier det er skuffande at Jøsendal forlet Årdal. Jotun vil gje han eit nytt tilbod i håp om at Jøsendal gjer om avgjerda.