Hopp til innhold

Indrebø sluttar i Jotun

Fire år var nok for Jotun-trenar Øyvind Indrebø.

Øyvind Indrebø i timeout
Foto: Siren Svortevik

– Eg har kjend på dette ei stund, og kome fram til at fire år med det omfanget denne jobben har hatt er nok i denne omgang. Det har vore ein kjempeutfordrande og spennande periode, seier Indrebø til Sogn Avis.

Sidan 2007 har Indrebø vore trenar for laget. Han løfta laget til 1. divisjon etter kvalikkspel i 2010, og sikra endå eit år divisjonen med ein 10. plass i årets sesong.

Mykje pendling

Førdianaren har pendla mellom heimstaden til Årdal dei fire åra.

– Det er langt å pendle, men at det har gått så knirkefritt er eit tydeleg teikn på at eg har trivst veldig godt i jobben. Eg er full av beundring for det miljøet som er inne i Årdal, seier Indrebø.

Han meiner at det er fullt mogleg for Jotun å ta nye steg framover i framtida, også utan han i sjefsstolen.

– Alt ligg til rette for at Jotun skal ta nye positive steg, både på det sportslege og klubbmessige, seier Indrebø.

Han har førebels ikkje nokon ny trenarjobb i kikerten.

Må på jakt

Med Indrebø ute, må Jotun på trenarjakt.

– Me er opne for det meste, og vil og sjå utanfor fylket i jakten på ny trenar. Me ønskjer oss ein trenar som kan bidra til målsetnaden om å stabilisera Jotun i 1. divisjon, seier leiar i Jotun, Gunn Lerøy til Sogn Avis.