Dermed er årdølene framleis under nedrykkstreken, og det går mot ein svært spennande seriefinale mot Årstad neste laurdag. Etter at Nit-Hak gjekk på stortap i helga står det heile mellom moldelaget Træff og Jotun. Begge har 14 poeng, begge har heimekamp i seriefinalen, og det er vinn eller forsvinn. Eitt lag rykkjer ned og eitt held plassen i 1. divisjon. Opp i det heile er det framleis uvisst om Træff misser poeng etter ein protest tidlegare i vinter.
Toten best
Mykje kunne vore gjort dersom Jotun-damene hadde teke poenga i møte med Toten laurdag. Men laget frå Oppland var rett og slett for gode for nedrykkstruga årdøler, som sleit voldsomt i angrep i førti av dei seksti speleminutta.
Stig Jøsendal. Arkivfoto Kjell Arvid Stølen, NRK
- Nærmar seg farse
Premissane framfor nedrykksthrilleren i 1.divisjon neste helg er framleis ikkje avklara, i og med at forbundet enno ikkje har klart å avgjere protesten som kan medføre at Træff misser eitt poeng. Saka er no inne til anke for andre gong, og Stig Jøsendal meiner det heile nærmar seg ein farse.
Tabellen:
Lag Kamper V U T Mål Poeng
1 Bækkelaget 24 23 1 0 834 - 536 47
2 Lunner 23 19 3 1 693 - 491 41
3 Levanger 24 18 1 5 698 - 549 37
4 Fjellhammer 24 16 2 6 689 - 555 34
5 Toten 24 15 0 9 681 - 617 30
6 Storhamar 24 11 2 11 627 - 631 24
7 Fredrikstad Bkl. 24 11 2 11 647 - 618 24
8 Drammen 24 11 1 12 619 - 610 23
9 Årstad 24 8 2 14 616 - 665 18
10 Vikersund 24 7 2 15 584 - 692 16
11 Træff 25 6 2 17 593 - 733 14
12 Jotun 25 7 0 18 600 - 773 14
13 NIT-HAK 25 5 2 18 621 - 776 12
14 Ramnes 24 2 0 22 527 - 783 4