Men leiinga ved Lærdal sjukehus har forlenga kontraktane med dei jordmødrene som har gått i vikarstafett sidan 1. oktober då alle dei opphavlege jordmødrene ved Føden slutta i protest mot vedtaket om å gjera fødeavdelinga om til ei forsterka fødestova.
Vikarjordmødrene skal arbeide ved Lærdal sjukehus til helseministeren fattar eit endeleg vedtak. Fødeavdelinga har og gynekologar som kan ta keisarsnitt.
Skremt til Førde eller Voss
Men all uvissa kring fødeavdelinga i Lærdal skremmer gravide kvinner i Indre Sogn til Førde og Voss. Elin Kollset frå Skjolden ventar unge nummer to om fem veker, men torer no rett og slett ikkje å føde ved Lærdal sjukehus. - Ein veit aldri korleis det går med ein fødsel, og ein vil ikkje risikere noko som helst. Derfor valde eg Førde, seier ho. Årsaka var tvilen om det var til stades gynekologar som kunne ta keisarsnitt.