Statens Helsetilsyn slår fast at dei to jordmødrene burde tilkalla lege då det dukka opp tydlege faresignal under ein fødsel i mai 2004, skriv Bergens Tidende. Dødsfallet skjedde midt under oppstarten av den nye fødestova ved Lærdal sjukehus.
- Dei hadde ikkje tilstrekkeleg klart for seg grensene for å tilkalle hjelp. Hjelpa vart tilkalla for seint, seier Jørgen Holmboe til BT.
Legen kom først etter at barnet vart fødd med navlestrengen rundt halsen. Ein halvtime etterpå var ungen død.
Ingen formell reaksjon
Jordmødrene får ingen formell reaksjon frå helsetilsynet. Grunnen er at tilsynet meiner Helse Førde og Lærdal sjukehus må ta ein stor del av skulda for det som skjedde. Ifølgje helsetilsynet var rutinane for uklare og opplæringa for dårleg.
- Når det skal organiserast tenester basert på mykje vikarar og skiftande personell, blir det ekstra viktig at alle er kjende med rutinane og følgjer desse, seier Holmboe til avisa.
Fylkeslege Petter Øgar har tidlegare kome med den same kritikken av jordmødrene.
Har ordna opp
Avdelingssjef Agnethe Dissing på kvinneklinikken i Helse Førde seier dei har gått gjennom den tragiske hendinga for å unngå at slikt skal skje igjen.
- Vi har gjort ein god del av det som står i rapporten frå Helsetilsynet, seier Dissing til NRK Sogn og Fjordane.
Etter det NRK kjenner til har dei pårørande ikkje vurdert erstatningssak etter hendinga.