NRK Meny
Normal

Mange grunneigarar har skjult kulturskattar opp gjennom åra

Mange gardbrukarar og grunneigarar har opp gjennom åra skjult unna gjenstandar og kulturminne frå verkeleg gamle dagar. Forhistoriske løyndomar som aldri vil kome til overflata.

Arkeologiske funn

MANGE FUNN: Gjennom dei seinaste åra har det vore gjort mange spennande oldtidsfunn i Norge.

Foto: NRK

Langt framme i ein dal i Sogn ser bonden utover eit jorde og veit noko andre ikkje veit. Sidan dei første nordmennene har det vore folk i dette området, og jorda skjuler skattar: Fleire tusen år gamle helleristingar. Men gjennom generasjonar har denne familieløyndomen aldri nådd arkeologane.

– Då eg var liten så grov eg vekk noko mose. Under der såg eg dei, mange helleristingar. Då fekk eg klar beskjed frå far min, legg jorda på plass og fortel det aldri til nokon, fortel bonden til NRK.

Skulle gå i arv

Han vil vere anonym. Får arkelogane vite om dette vil dei kome og bandlegge jorda og grave ut garden. Løyndomen må bli i familien, meiner bonden som i dag er i 40-åra. På garden han driv er det ikkje berre bergkunst som er halde skjult, det er og alt frå pilspissar til gamle reiskap.

Men denne vestlandsbonden er ikkje aleine om å halde på løyndomar om funn av minner heilt frå steinalderen, via jernalder, bronsealder, vikingtid og middelalder.
Dei siste vekene har NRK snakka både med bønder og andre grunneigarar som fortel om oldtidsfunn. Funn som vart gjort for lenge sidan, og funn som er gjort i nyare tid.

– I samband med eit mogleg utbyggingsprosjekt fann vi ein stor stein som såg ut til å vere hogd ut som eit ofringsalter. Den knuste vi til småstein. Hadde styresmaktene visst om dette, ville vi fått enorme ekstrakostnader med utbygginga, fortel ein annan bonde i Sogn.

Utbyggjar må betale

For det er framleis slik at dersom ein oppdagar minne frå svært gamal tid på sin eigedom, så er det grunneigaren og utbyggaren sjølv som må bere kostnadane. I fleire tilfelle snakkar ein om fleire millionar kroner.

– Kva skal vi gjere då? undrar ein av grunneigarane NRK har snakka med. Frykta er stor for at dei gamle minna skal føre til store utgifter og store forseinkingar på etterlengta inntektsbringande prosjekt.

I bygdebyar som Førde i Sunnfjord har det stadig dukka opp små og store kulturskattar under utbygging av stadig nye bustadområde. Til dømes då bustadfeltet Tefre vart bygd på 90-talet vart lausmassar derfrå brukt til å byggje ut småbåtkaia i byen.

15 år seinare kom det fram at ein mann hadde funne eit 1500 år gamalt spyd i eit av lassa frå Tefre. Kva anna som følgde med veit ein i dag ikkje, men etter det NRK har grunn til å tru var dette ikkje det einaste funnet som vart gjort. Frykta for bandlegging av område og avgrensa utbygging gjer at slett ikkje alt vert registrert.

Van Achen

DIREKTØREN: Henrik Van Achen er som sjef for Universitetsmuseet i Bergen ansvarleg for landets største samling av fornminner.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

Samla enorme mengder

– Det er for så vidt ikkje nokon grunn til å insinuere at folk har gøymd unna ting når man skulle registrere det som fanst, men man må vere meir enn alminneleg optimist om man trur at absolutt alt kom fram. Det var ein lang tradisjon for at ein fann ting rett som det var. Desse hadde ein i huset, og ein ønska å ha dei på garden. Ein ønska at dei skulle gå i arv.

Det seier professor og leiar for Universitetsmuseet i Bergen, Henrik Van Achen. Han veit meir enn dei fleste her i landet om nasjonen si gamle historie.

Som museumssjef er han ansvarleg for dei enorme mengdene med oldtidsminne som er samla på Nygårdshøyden i Bergen.

På museet har dei mellom ein og to millionar gjenstandar samla i enorme magasin. Alt frå pilspissar og sverd til primstavar og mangletre. I ei hylle står fleire hundre år gamle økser, i ei anna hylle rad på rad med ølbollar.

– Desse samlingane er heilt avgjerande for å sjå heile Norge si historie. Dersom slike ting blir gøymd vekk rundt på gardane vil det ikkje bli ein del av vår felles historie, meinar Van Achen, vel vitande at rundt om i Norge er det utruleg mange kjende, og ukjende gjenstandar som kanskje aldri vil nå eit offentleg dagslys.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Skal meldast til politiet

Sidan 50-talet har lova om kulturminner sett heilt klare krav til at alt som vert funne av gjenstandar og minne frå verkeleg gamle dagar, skal meldast inn til politiet. I kulturminnelova heiter det mellom anna:

«Ting fra oldtid og middelalder (inntil år 1537) som våpen, redskap, kultgjenstander samt steiner, trestykker eller gjenstander av annet materiale med innskrifter eller bilder, bygningsrester uten samhørighet med bygninger eller rester av disse, innbo, kirkeinventar, smykker, arkivsaker, skjeletter og skjelettrester o.l.»

– Det viktige er å gjere ting tilgjengeleg. For ved å gjere dei tilgjengeleg for kunnskap så gir ein dei ein plass i vår felles historie. Vi stel ingenting ut frå ein eller annan gard, men vi gjer det mogleg at det som er funne bidreg til vår felles historie, seier professor Van Achen.

Fann svært mykje

Wilhelm Frimann Koren Christie var mannen som tidleg på 1800-talet starta arbeidet med å reise rundt i bygdene og samle inn oldsaker. Han stod og i bresjen for etableringa av Bergen Museum i 1825, som då var forløparen til universitetet i Bergen.

Christie

SAMLA: Wilhelm Frimann Koren Christie.

Foto: Wikimedia Commons

Seinare var det arkeologen Per Fett som førte dette arbeidet vidare. På 1900-talet droga han frå gard til gard på Vestlandet, snakka med folk og registrerte alt han kom over av historiske gjenstandar.

I dag er Fett sitt arbeid digialisert og kven som helst kan søke fram kva som vart funne på dei ulike gardane.

Eit heilt unikt arbeid i norsk historie, men i hans registreringar ser ein tydeleg at sværet mange gjenstandar og minne frå gamle tider er borte - eller vart halde skjult av bøndene. "Tapt" står det då i registeret, truleg for all tid.


– Alminneleg skepsis

– Han gjorde uansett eit heilt unikt arbeid for norsk historie. Det viktige er jo i siste instans ikkje kven som eig kva, men at ein veit om ting. Den dialogen han klarte å opparbeide var viktig for å få eit bilete over norske kulturminner og norsk kulturarv i eit større perspektiv, seier professor Henrik Van Achen.

– Tror du at når han reiste rundt og snakka med bøndene, at det var ting som aldri kom fram i dagslyset?

– Normalt vil ein forvente at det var ein alminnelig skepsis. Folke tenkte vel at no kjem det folk frå Bergen, no kjem det folk frå Oslo, og no skal dei liksom pelle i det vi har hos oss. No skal dei kanskje gripe inn i noko som ligg på min åker, kanskje man skal ha utgravingar, avgrensingar og restriksjonar.

Fryktar arkeologane

Den skepsisen finn ein og i dag. Dei siste vekene har NRK snakka med ei rekkje bønder som kan fortelje soger om korleis det vart gjort funn. Til dømes når ein grov i jorda, rydda i skogen eller på andre måtar avdekka gamalt landskap.

Men ingen vil stå fram med fullt namn. Sjølv i dag, nær 200 år etter at Christie starta sitt arbeid med registreringar frå Bergen Museum, er dette eit tabuområde.

– Kva gjer eg dersom det brått kjem arkeologar og skal endevende jorda mi, seier ein bonde NRK har snakka med.

pilspiss

GODT DØME: Denne pilspissen er ein av tusenvis av gjenstandar frå verkeleg gamle dagar som ligg på Universitetsmuseet i Bergen. Slike kan ein framleis finne i bakken under oss mange stader.

Foto: Universitetet i Bergen


– Vår felles historie

Andre igjen tenker at det som er på deira eigedom av minne frå oldtida er nettopp det, deira eigedom. Det får professor Van Achen til å reagere.

– Dettte er ikkje berre eit spørsmål om den enkelte åkerflekk. Men det er eit spørsmål om at dersom vi ikkje gjer det slik, så blir mykje av den norske historia liggande under jorda og kunnskapen om den også. Men vi ser jo sjølvsagt at dei fleste som skal ploge ein åker håpar i sitt stille sinn at dei ikkje finn noko. Det er forståeleg sett frå den enkelte sitt perspektiv.

– Trur du det er slik at alle grunneigarar overheld kulturminnelova i dag?

– I utgangspunktet så er eg optimist, men at noko stikkast vekk fordi ein er redd for følgjene og at noko ikkje vert meldt frå for no tør eg ikkje risikere at eit stort prosjekt ikkje kan realiserast. Men ja, statistisk sett så reknar vi med at det skjer, seier professoren.

– Folk vil ikkje seie ifrå

Kenneth Didriksen
Foto: NRK

Det er Økokrim som har ansvaret for etterforsking og eventuell påtale i saker som knyter seg opp til brot på kulturminnelova. Det er ikkje mange saker som har kome på deira bord dei siste åra, fortel politioverbetjent Kenneth Didriksen i Økokrim.

– Men vi har jo sett dømer på at slikt har skjedd, at folk vil ikkje seie frå om kva dei har funne fordi dei er redde for at eit område skal bli bandlagt eller stengd på andre måtar. Dette har Riksantikvaren hatt ei god tilnærming på i det siste. Dei har jo skjønt at dette ikkje er hyggeleg for nokon som er redd for at jorda skal bli øydelagt.

Vegopning på Bergum i Førde kommune