Det var under rådsmøtet for Musea i Sogn og Fjordane onsdag at Jølster-ordføraren med alvorleg mine fortalde at han jobbar for å trekkje Astruptunet ut av Musea i Sogn og Fjordane.
Bakteppet er sterk misnøye mot det interne bråket ved fylkesmuseet som har kulminert med at to avdelingsdirektørar har trekt seg i protest. Den eine som trekte seg hadde ansvar for Astruptunet. Kunstnaren Nikolai Astrup budde i Astruptunet store delar av livet.
Klakegg håper no at Astruptunet heller kan bli ein del av museet KODE i Bergen.
– Vi må ha ein skikkeleg organisasjon i ryggen som kan drive Astruptunet på ein god måte. KODE kan i så måte vere det rette, seier han.
Ordføraren ser føre seg at museet kan kome styrka ut av eit slikt byte.
– Vi vil ha eit museum med større opningstider enn i dag, og med endå fleire besøkjande, seier Klakegg.
Likar ikkje tanken
Laura Kvamme, styreleiar Musea i Sogn og Fjordane, likar ikkje tanken på å misse Astruptunet.
– Vi forstår at Jølster kommune er veldig opptatt av Nikolai Astrup. Når det er sagt er det viktig å seie at også Musea i Sogn og Fjordane har stor fokus på Astrup, seier ho.
– Kor uheldig vil det vere dersom fylkesmuseet misser Astruptunet?
– Vi må ta Jølster sitt signal til vitande. Men Astrup er veldig viktig for Musea i Sogn og Fjordane, seier ho.
Oddmund Klakegg presiserer at saka ikkje er behandla i kommunestyret i Jølster.
– Vi har sendt ein invitasjon til KODE i Bergen, og eg tykkjer det er rett å gje dette signalet allereie no, seier Klakegg.
NRK har utan hell forsøkt å få ein kommentar frå KODE onsdag.