Har hatt same nyttårsforsett i ti år utan å lukkast

I ti år har leiar i Politiets Fellesforbund Arne Johannessen hatt som nyttårsforsett å klare å jobbe mindre, utan at han har klart det. I 2013 gjer han eit nytt forsøk.

Riksmeklerens kontor
Foto: NTB scanpix

– Korleis var 2012 for deg?

– Svært krevjande og arbeidsamt. Det har vore mykje oppfølging etter 22. juli-kommisjonen, både internt i politiet og ikkje minst i høve til media. Hovedtariffoppgjeret i vår enda med stor streik i offentleg sektor og eg var streikeleiar for Unio stat. Det var sjølvsagt ein krevjande situasjon og eit enormt media trøkk også i den saka. Det var ein del drøftingar internt i organisasjonen då nestleiaren signaliserte at han ville utfordra meg som leiar på landsmøtet, men det «roa seg ned» og eg vart samrøystes valt for to nye år på landsmøtet i november i Molde.

– Det har også vore eit krevjande år privat, med sjuke foreldre og mykje sjukebesøk til

Øystese.

– Men det har ikkje minst vore mange hyggelege stunder privat i lag med familien, fine reiser i inn- og utland, godt samvær med kona Jane, mine tre kjekke, vaksne barn og dei tre flotte barnebarna på Hafslo.
Det har vore det mest krevjande året mitt som topptillitsvald, men eg har heldigvis heile tida prioritert tid til familien og den daglege treninga.

Har gode turminne frå 2012

– Trekk fram di beste personlege oppleving i året som gjekk. Kvifor var dette eit høgdepunkt for deg?

– Me hadde ein fin familietur i januar til Thailand, men også familietur til Stavanger, Alexandra hotell i Loen, samt at kona og eg var til Lisboa med eit vennepar. Viktige og gode avbrekk i ein hektisk kvardag.
Eg har også hatt mange flotte opplevingar i rolla som tillitsvalt, særleg dei mange møta med flinke polititilsette som ofrar alt for jobben sin.

– Høgdepunktet var nok då sonen vår Sindre gifta seg med si kjære Jeanett, det var ei fantastisk fin helg.

– Kva gjorde sterkast inntrykk på deg i 2012 – og kvifor?

– Sterke samtalar og møter med pårørande etter 22. juli- tragedien har gjort sterkt inntrykk. Måten rettssaka vart gjennomført på var også sterkt, og ein rettsstat verdig. Advokat Lippestad imponerte i måten han løyste oppdraget på, men det gjorde også påtalemakta sine statsadvokatar.

Gler seg til tre månader med kurs

– Kva forventningar og håp har du til året som ligg framfor oss?

– Eg gler meg til tre månader på sjefskurset på Forsvarets høgskule frå 8. januar. Tre månader permisjon frå leiarrolla for å vera skuleelev vert fint. Eg ser fram til endringsprogrammet i politiet og ikkje minst politistudiet som no er starta opp, eg gler meg også til eit spennande Stortingsval til hausten. Eg ser fram til mange fine turar og stunder på Hafslo i lag med familien. Eg gler meg også over at eine dotter mi som no er i Singapore tek med seg sin kjærast frå Singapore og flyttar til Bergen.

– Har du nyttårsforsett? I tilfelle kva?

– Eg vil gjerne jobba litt mindre og få litt meir fritid (det har eg hatt som nyttårsforsett dei siste 10 åra utan å lykkast)

– Korleis feirar du jul i år? Er du heime, kva et du?

– Vi skal feira på Hafslo i lag med heile familien – dottera som er i Singapore kjem til Hafslo 2. juledag. Me gler oss svært til jula. Eg er ikkje så glad for at eg måtte gje meg i kampen for eit ekte furujuletre, kona mi vann fram med sin lange kamp for å få eit kunstig juletre utan mange små kryp i ... Vi et røykt pinnekjøt, men også ribbe (sidan kona er frå Telemark), men har også vegetarmat til dotter og svigerdotter.
Riskrem til dessert. Kona lagar super god mat, så det gler eg meg til.

Er nok presang å sjå dei glade barnebarna

– Kva hugsar du best frå jula i barndommen din?

– Alle pakkane og den fantastiske mjølkesuppa med kanelstong i som bestemora mi kokte på julaftan. Den gode stemninga, forventningane i heimen – fantastisk gode minner.

– Kva er den beste julepresangen du har fått?

– Nye blå Trysilknut-ski. Dei hadde bjørkesole som gav fantastisk god glid på kaldt vinterføre. No er den største gleda å feira jula i lag med familien, sjå forventningane og gleda hos barnebarna. Det er nok presang for meg i dag, men det vert ofte mykje presangar.

– Kva gjer du for dei som har mindre å rutte med eller er einsame i jula?

– Me brukar pengar på humanitært arbeid, fadderbarn og julefeiring til rusmisbrukarar mellom anna. Det er viktig å gje til dei som treng støtte, særleg må ein ha fokus på alle dei som får julefeiringa øydelagt av foreldra sitt rusbruk. Organisasjonar som «AV og Til» og Barn av rusmisbrukarar, Juvente med fleire gjer ein stor innsats. Mange treng hjelp og støtte.