Jerv skada lam i Luster

I helga kom dei første meldingane om jerveskadar i år. – Det blei oppdaga fire tilfelle, men det vil nok kome fleire, seier Rein-Arne Golf i Statens naturoppsyn (SNO) til Firda. Dyra blei funne i fjellområdet rundt Nørdstedalssetra i Luster kommune. Lammet låg i ein bekk og hadde kraftig nakkebit, som er typisk for skade frå jerv, forklarar Golf. Sidan 2001 har det blitt avliva 79 jervar i Sogn og Fjordane.