Hopp til innhold

Jente påkøyrd i fotgjengarfelt

Ei mindreårig jente blei laurdag ettermiddag påkøyrd i eit fotgjengarfelt i Førde sentrum. Ein bilførar har fått kverrsett førarkortet.

Fotgjengar påkøyrd i Førde

SENTRUM: Ulukka skjedde i det sterkt trafikkerte krysset ved Thon Hotel Førde.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

– Det skal heldigvis ikkje vere snakk om alvorlege skadar, opplyser politiet til NRK.

To bilar var involvert i ulukka, men politiet veit førebels ikkje nøyaktig korleis påkøyrsla skjedde.

– Ein av bilførarane har fått inndrege førarkortet. Jenta vart raskt teken med av helse i ambulanse, og det var manuell dirigering på staden, opplyser politiet.

Eit vitne på staden seier til avisa Firda at ulukka skal ha skjedd då den fremste bilen blei påkøyrd bakfrå, og at den dermed traff jenta i gangfeltet.

Politiet opplyser at jenta er til kontroll på legevakt, og at det ikkje er noko som tyder på alvorlege skadar.