Hopp til innhold

Jente (18) lettare skadd etter at bil køyrde i fjorden

Tilstanden til den 18 år gamle jenta, som var med i bilen som køyrde på Sognefjorden fredag ettermiddag, er no nedjustert frå kritisk til lettare skadd. Jenta, som er frå Vik, er innlagd ved Haukeland universitetssjukehus.

Ein personbil hamna i fjorden på ferjekaia på Hella fredag ettermiddag.

– Då pasienten kom inn til Haukeland universitetssjukehus fredag, var tilstanden kritisk. På ettermiddagen i dag er tilstanden hennar å rekne som lettare skadd, opplyser kommunikasjonsrådgjevar ved Haukeland universitetssjukehus, Anette Hellstrøm.

Ho kan ikkje seie noko om når jenta vil bli skriven ut av sjukehuset.

– Det kjenner eg ikkje til. Ho er på sjukehuset no og får medisinsk oppfølging hjå oss, seier Hellstrøm.

To gutar på 17 og 18 år er lettare skadde etter hendinga. Jenta vart fredag kveld overført til frå Førde sentralsjukehus til Haukeland universitetssjukehus.

Det var like etter klokka 17 fredag at politiet fekk melding om at eit einsleg køyretøy hadde køyrt i Sognefjorden ved Hella ferjekai i Leikanger kommune.

Bilen køyrde i fjorden til høgre for den yttarste ferjekaien på Hella. Politiet har stadfesta at det var svært glatt på staden, grunna sterkt snøvêr og mykje slaps.

Dei to gutane kom seg ut av bilen ved eiga hjelp, men jenta var att under vatn før det kom folk til som kunne hjelpe.

Henta opp jenta frå fjorden

Bjarte Breilid og kompisen Gaute Stadheim kom raskt til for å hjelpe. Stadheim kom seg ned til fjorden ved hjelp av ein stige, og oppdaga ein person under vatn. Han stupte ut i fjorden og fekk redda jenta opp av vatnet, og det vart umiddelbart sett i verk førstehjelp på den livlause jenta.

– Det vart utført førstehjelp på staden av dei som var der, fram til naudetatane kom fram, stadfestar Drange.

Dei to gutane vart frakta til Førde sentralsjukehus med ambulanse, medan jenta vart frakta med luftambulanse frå Balestrand.

Det er førebels ikkje klart kva som er grunnen til at bilen køyrde ut. Men spor på staden fortel at køyretøyet har gått gjennom eit gjerde som er på ein liten molo som er mellom dei to ferjekaiane på Hella.

Beklager, vi kunne ikke vise innholdet.
Se «Hella» i nytt vindu

Bilen skal undersøkjast

– Det er ikkje mistanke om promille, og føraren er ikkje fråteken førarkortet, seier Drange.

Bilen vart heva seint fredag kveld, og er no innelåst fram til ein får undersøkt bilen.

– Bilen skal undersøkjast av kunnige folk, seier Drange.

Politiet har no frigjeve ferjekaien, og ferjetrafikken kan dermed gå som normalt.