Jenny Følling som nummer to
Nominasjonsnemnda til Senterpartiet har foreslått Liv Signe Navarsete på førsteplassen til SP si stortingsliste til valet neste haust. Som nummer to har dei sett opp Jenny Følling, og som nummer tre Sigurd Reksnes. Jenny Følling vart vraka av fleire av lokallaga tidlegare i nominasjonsprosessen, og det har vore knytt stor spenning til kor nemnda ville plassere ho. Aleksander Øren Heen frå Årdal er sett opp som nummer fire. Eit av medlemmane i nominasjonsnemnda har lagt inn ein dissens på plasseringa til Følling, og vil heller ha Øren Heen der.