Hopp til innhold

Jegar måtte hentast med helikopter - mista vegen ned att frå fjellet

Ein jeger vert no henta med helikopter etter at han gjekk seg vekk på veg att frå Gruvefjellet mellom Luster og Årdal.

Gruvefjellet

– Han hadde rett og slett gått seg vekk, og var ikkje heilt sikker på kvar han er. Difor bad han om hjelp til å komme seg ned, seier operasjonsleiar ved Sogn og Fjordane politidistrikt, Kjetil Drange.

Mannen gjekk opp frå Turtagrø-sida og hadde tenkt å returnere den vegen, men mista vegen då mørket fall på.

– Mannen hadde med seg både naudbluss og lommelykt, og er observert av folk på andre sida av fjorden. Han vert no henta av eit redningshelikopter frå Florø, seier Drange.

Gruvefjellet ligg mellom Luster og Årdal på 1520 m.o.h.