No har ho fått status som utvekslingsstudent gjennom Rotary, og i dag kjem ho tilbake til skulen.
Halvor Thurn-Basberg som er president i Sogndal Rotaryklubb, seier han håpar at ho i tillegg til å gjennomføre andre året også får høve til å ta eksamen for fyrste året på skulen.
– Stivbeint byråkrati
I april måtte 20-åringen sette seg på flyet heim til Japan, sjølv om ho stort sett berre mangla eksamen før ho var ferdig med første året på Sygna vidaregåande. Ei avgjerd Thurn-Basberg har store problem med å forstå.
– Det er ei sløsing med ressursar og eit uttrykk for stivbeint byråkrati, seier Thurn-Basberg.
Men no er han berre glad for at Rotary – i samarbeid med skulen – klarte å få til eit opplegg for den japanske studenten som får status som utvekslingsstudent.