Hopp til innhold

Førarlaus skøyte forliste i fjorden

Den 46-fot store skøyta som gjekk førarlaus på Sognefjorden, har sunke. Eigaren av skøyta måtte sjå at skøyta gjekk rett til botn.

Kaupanger

Politi og brannvesen prøvde onsdag kveld å få slep ombord i ei førarlaus skøyte som gjekk for eiga maskin i fjordbassenget i Indre Sogn.

Verken politiet eller brannvesenet klarte å få kontroll over skøyta, som ved 19.30-tida blei observert sør for Kaupanger-halvøya.

– Klokka 18.22 fekk politiet melding om ei løpsk skøyte i området Fodnes-Mannheller. Det er ikkje personar ombord, og skøyta går av seg sjølv. Den vert førsøkt innhenta, men båttrafikk i området må være oppmerksom på at skøyta er ubemanna, opplyser politiet.

Brannfolk frå Sogndal vart også kalla ut, og hadde med seg seg båt slik at dei skulle kunne hjelpe til med å få berga skøyta.

Men ved 20.45-tida kunne politiet melde at den store treskøyta har forlist utanfor Kaupanger-halvøya.

– Vi veit førebels ikkje så mykje om kva som kan ha skjedd anna enn at eigaren av skøyta var i ein annan båt rett bak og forsøkte å berge skøyta, men til inga nytte, opplyser politiet.