Hopp til innhold

Jakob (12) vart fylkesmeister i golf i konkurranse mot ein vaksen

Jakob Stavang Stubhaug frå Florø har spelt golf omtrent sidan han byrja å gå. For nokre veker sidan vart han fylkesmeister i golf – etter å ha slege ein 25-åring!

Jakob Stavang Stubhaug

TALENT: Jakob Stavang Stubhaug har utan tvil talent for golf.

Foto: Privat

– Det var jo kjekt, men eg har slege vaksne før, altså, seier den smålåtne 12-åringen.

Stubhaug spelte i juniorklassen i fylkesmeisterskapen, men hamna på same poengsum som ein kar i herreklassen. Dermed vart det omspeling på golfbana til Sunnfjord Golfklubb i Jølster.

– Jakob avgjorde på første slag, så det var litt artig, seier pappa Magne Stubhaug, og legg til at sjølv om nivået blant vaksne golfspelarar i Sogn og Fjordane ikkje er all verdas høgt, så er Jakob ein habil spelar for si årsklasse.

Investerte i leilegheit i Jølster

– Han spelar på høgste juniornivå i den såkalla Titleist Tour i Norge, og har vore på seks av åtte turneringar. Der er han brukbar i høve dei andre på same alder, seier Magne Stubhaug, som har hatt med seg Jakob på golfbana sidan han var ein liten pjokk.

– Han har vore med heile tida, og spelte så fort han fekk sjansen, seier Magne Stubhaug.

Sidan familien bur i Florø, har det vorte mange turar til Jølster for å spele golf. Så mange at familien til slutt investerte i ei leilegheit på Jølster.

– Det er veldig praktisk, så her er vi mykje, både sommar og vinter, seier Magne Stubhaug.

Har ikkje tenkt å kutte ut fotballen

For det krevst mykje trening skal ein bli god i golf.

– Det er ganske mykje ein må trene på. Det er ikkje berre å slå, men ein må kunne mykje meir, understrekar Jakob.

I tillegg spelar han fotball to gonger i veka, i tillegg til kampar og turneringar.

– Men eg likar golf hakket betre enn fotball. Men eg har ikkje tenkt å kutte ut fotballen endå, altså. For det er veldig kjekt, det også, seier Jakob, som har hatt i overkant mange reisedøgn dette året.

Var ikkje heime på to veker

For det er stadig ei turnering å vere med på, og dei ligg sjeldan like rundt hjørnet. Mange er på Austlandet, og i år har Jakob også vore på Stiklestad på turnering.

– I sommar hadde eg to veker der eg ikkje var heime i det heile. Det er veldig kjekt på turnering, men det kunne godt vore litt mindre køyring, seier 12-åringen, som om ein månad fyller 13.

Sesongen for golfturneringar er over for i år, dermed ventar ei litt rolegare tid.

– Det blir iallfall litt mindre reising. Men vi spelar golf så ofte som vi kan, seier Jakob.