Etter ein dårleg første omgang utan mål til nokon av laga, men med flest sjansar til Flekkerøy, kom heimelaget godt i gang etter pause. Roy Olsen ordna 1-0 alt etter to minutts spel. Men Flekkerøy fekk straffe etter ni minutt og utlikna. JÅFK tok leiinga igjen då Flekkerøy-målmannen feilrekna eit innlegg frå Henrik Furebotn, innlegget gjekk rett i mål.
Dommaren vart lurt?
Men Flekkerøy utlikna endå ein gong, og så kom altså situasjonen der spelarane på heimelaget meinte dommar Jonny Skjerven let seg lure av skodespel. - Avgjerda var svært tvilsam, keeper Preben Gilleshammer var ikkje borti Flekkerøy-spelaren, og linjemannen markerte at det ikkje var straffe, seier trenar Morten Wigum.
Avstanden til nedrykk skrumpar
Dermed tapte Jotun Årdalstangen FK igjen viktige poeng i sluttminutta i ein heimekamp, samstundes som enkelte av laga neder på tabellen sanka poeng. Avstanden ned til nedrykksplass er ikkje meir enn fire poeng. - Vi har heile tida vore klare over at det ville bli ein kamp for å unngå nedrykk, og avstanden er trass alt fire poeng. Men det seier seg sjølv at vi må plukke poeng framover, seier Wigum.