Det var då Aslaug Hagen kom heim frå bryllaup natt til søndag det grove tjuveriet frå safen hennar vart oppdaga. Fleire hundre tusen kroner i kontantar var borte.
Godt håp om verdfulle tips
Til no har politiet sikra spor i huset, og gjort ei rundspørjing i nabolaget til Aslaug Hagen i Øvre Årdal. Og det er observasjonar gjort av naboar politiet no jobbar vidare med. Og sidan det bur mykje folk i nabolaget til Hagen, har politiet godt håp om å få inn fleire verdfulle tips.
Grøttebø seier lensmannskontoret kjem til å setje store ressursar inn i jakta på tjuvane.