Hopp til innhold

Innstilte fly og forseinka ferjer på grunn av skodde

Skodda skapar i dag problem både for flytrafikken og ferjetrafikken i fylket.

Utsyn over Vik og Vangsnes

SKODDE: Utsyn over Vik og Sognefjorden bada i skodde.

Foto: Skjermdump: Vikjavev.no

– Vi har forseinkingar på Manheller – Fodnes og på Dragsvik – Hella – Vangsnes i dag. Det er ikkje snakk om store forseinkingar, men vi ynskjer å varsle dei reisande, seier Christina Hammersvik som er operativ leiar i Fjord1.

Skodda ligg framleis tjukk i Sognefjorden.

Skodda skapar i dag problem både for fly- og ferjetrafikken i fylket.

Time lapse frå klokka 0530 til 11 i dag. Foto: Vikjavev.no.

– Eg har ikkje opplevd liknande seier Hammersvik.

I morgontimane har det og vore problem med skodde på Lote–Anda også utan at det har ført til forseinkingar. Men skodda gjer at Widerøe førebels ikkje kan lande på Sandane lufthamn Anda.

– Skodda ligg tett, men eg håpar at den lettar utover ettermiddagen. I går letta tåka i halv-tre tida, seier lufthamnsjef Jon Granheim.

Skodde ut dagen

Ved vêrvarslinga på seier meteorolog Frode Hassel at vi nok må rekne med at skodda blir liggande ut dagen når NRK snakkar med han klokka 11.30..

– Når vi er komne så langt ut på dagen som er no, og skodda framleis ligg, så er eg redd v ikkje blir kvitt den i dag, seier Hassel.

– Kva er forklaring på at skodda no ligg tjukk ved fjorden, medan det er fint når ein kjem litt opp i høgda?

– Vi har fått varm luft i høgda som låser inne fuktigare lufta i låglandet. Ut over morgondagen får vi ein litt annan vêrtype, med lit kjøligare luft i høgda. Då vil noko også problema med skodde forsvinne, seier Hassel.