Gjertrud Håland i støttegruppa fortel at telefonen ikkje har stått stille sidan det vart kjent av den moldoviske familien nok ein gong står i fare for å bli sende ut av landet. - Vi har fått telefonar frå heile landet, og vi sat i telefonen fram til klokka 11 om kvelden, seier ho.
Sakshandsamingsfeil
Syskenparet Olga og Tatjana Belik frå Moldova har søkt om opphald i Norge fordi dei fryktar at dei skal bli tvinga til prostitusjon dersom dei blir verande i heimlandet. Systrene, som er busette i Aurland, gjekk til sak fordi dei hevda det var gjort sakshandsamingsfeil i samband med asylsøknaden.
Overskot til andre i same situasjon
Men dei fekk altså avslag i Oslo Tingrett måndag. Den voldsame responsen gjer at støttegruppa til dei to jentene vil at eit eventuelt overskot etter at utgiftene til ankesaka er dekte, skal kome andre kvinner og barn som fryktar å bli utsette for menneskehandel tilgode.
Trur på anke
Advokaten til dei to jentene, Sjur Vinje, seier at den voldsame støtta varmar, og at mykje talar for at avgjerda i Oslo tingrett no blir anka.