Hopp til innhold

- Isolasjonen tærer på

Innbyggjarane i Kvalheim og Kråkenes har vorte isolerte av ras tre gonger denne veka. No meiner dei noko må gjerast med vegen.

Bilar Kråkenes

Bilane som skulle til Kråkenes, måtte snu søndag.

Foto: Bjarne Eldevik / NRK

- Det er forferdeleg trasig. Men me må jo berre akseptera at det er slik, for ein kan jo ikkje lata folk reisa forbi når nokon kan få det på seg, seier Atle Kråkenes, som er isolert på Kråkenes.

- Noko bør absolutt gjerast

Rasfarleg veg fylkesveg 600

Slik ser det farlege vegstykket på fylkesveg 600 ut

Foto: Bjarne Eldevik / NRK

Fylkesveg 600 Raudeberg - Kvalheim og Kråkenes vart stengd laurdag kveld grunna rasfare. Innbyggjarane i Kråkenes og Kvalheim vert då isolerte. Vegen har vorte stengd fleire gonger denne veka grunna ras og rasfare, og Atle Kråkenes tykkjer det er ekkelt å køyra på vegen

- Du vert jo anspent når du køyrer. Ein sit og ser opp i fjellsida. Kona har fått stein på seg to gonger, men det gjekk heldigvis bra.

- Meiner du noko bør gjerast?

- Det bør absolutt gjerast noko. Overbygg, legga om vegen, eller eit eller anna i alle fall.

Opnar tidlegast måndag

- Kva er det største problemet med å ikkje koma seg nokon plass?

- Det største problemet er at ein ikkje kjem på jobb eller får gjort forskjellige ting ein ville ha gjort. Me vert jo berre sitjande her.

Vegtrafikkstasjonen opplyser at fylkesvegen tidlegast vil opna ei gong i løpet av måndagen.

Søndag har det også vore stengd på riksveg 614 mellom Florø og Svelgen grunna ras.