Hopp til innhold

Innbrotsbølgje i Nordfjord: Politiet undersøker om det kan vere omreisande kriminelle

Politiet i Stryn har i dag fått meldingar om nye innbrot, etter at tjuvar var inne i hus og bilar i løpet av helga.

Innbrot i Stryn og Hornindal

– Ja, vi har fått inn meldingar i dag også, og vi har folk som prøver å samle dei opplysningane vi har, for å sjå om det er ein samanheng mellom tjuveria, seier lensmann i Lasse Trosdal.

Fredag og laurdag braut tjuvar seg inn i fleire bustadhus i Stryn og Hornindal. Det har og vore gjort innbrot i bilar og forsøk på innbrot. Tjuvane har teke med seg datautstyr og sølvtøy. Ei mørk stasjonsvogn har vore observert i samband med innbrota både i Hornindal og Stryn.

Undersøker om det er samanheng

Trosdal seier politiet undersøker om det kan vere samanheng mellom alle innbrota, men at dei ikkje vil konkludere enno.

– Det er litt for tidleg å seie, men vi å samlar så mange opplysningar som mogleg får å sjå om det finst likskapar. Så får vi sjå om vi etter kvart greier å peile oss inn på kven det kan vere, seier lensmannen.

– Den eine telefonen kan løyse saka

I samband med eit innbrot i Oldedalen er det observert ei mørk stasjonsvon, mogleg utanlandsregistrert. Det er og observert ein raud Nissan Primera. I samband med innbrotet i Hornindal er det også observert ei mørk stasjonsvogn.

– Kan det vere omreisande kriminelle som står bak alle innbrota?

– Det er godt mogleg. Det er viktig for oss å ha alle moglegheiter opne. Elles må vi be publikum om å halde augo opne. Ring heller ein gong for mykje enn for lite. Det kan vere den eine telefonen som gjer at vi får tak i folka vi leiter etter, seier Trosdal.