Innbrot i bilar i Florø

I Bjørkumvegen i Florø har det vore eit innbrot i ein bil i løpet av natta, det skriv politiet på Twitter. Ruta i bilen skal vere knust på passasjersida, og ein GPS skal vere stolen frå bilen, skriv politiet. Dei skal gjere undersøkingar på staden i løpet av dagen. Det er også meldt om innbrot i bilar i Skridsholgata og Ragnarrud i Florø.